Dei første bileta

-25000 -15000 -3500 400 1350
«Venus fra Willendorf». Steinskulpturar, helleristningar Hòlemåleri, Altamira og andre hòler Mønstre og symbol stempla i leire og på tekstil Trykk med tresnitt i Kina og Japan Tresnitt teke i bruk i Europa

Byggesteinar for minnet

Hulemaleri fra Altamira

Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Bisonokse frå Altamira

Tolv år gamle Maria de Sautuola var den første som kikka opp i taket. Heile familien var på oppdagingsferd i ei hòle på eigedomen deira ved Altamira i Nord-Spania. I lyset frå lommelykta såg dei no flokkar med livaktige bøflar, hestar og andre dyr måla med raude, gule og svarte fargar rett på fjellveggen. Nyare granskingar anslår dei til å vere omkring 15 000 år gamle. Oppdaginga til Maria er rekna som eit av dei største arkeologiske funna i moderne tid.

Det ser ut til at menneskehjernen gjennom evolusjonshistoria har spesialisert seg på å kjenne igjen og hugse bilete. Allereie i 1890 kunne psykologane påvise at det var bilete, ikkje ord, som danna byggesteinane i minnet. Seinare forsking har bekrefta at det er mykje meir sannsynleg at vi hugsar eit omgrep som vi får presentert gjennom bilete, enn gjennom ord.

Venus fra Willendorf

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Venus frå Willendorf i Austerrike, frå ca. 20 000 f.Kr.

Den tidlegaste visuelle kommunikasjonen vi kjenner, er symbol. Det kunne vere steinsirklar og groper i landskapet, eller små skulpturar eller utskjeringar.

Omkring 3500 f.Kr. finn vi dei første trykte bileta. Det var mønstre og symbol skapte ved å rulle «stempel» over våt leire eller tekstilar.

Kinesisk tresnitt

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Diamantsutraen, kinesisk tresnitt frå 868 e.Kr.

I Kina og Japan skar dei ut buddhistiske bilete i treblokker og trykte dei på silke før 400 e.Kr. Eit par hundre år seinare blei bileta kombinerte med tekst. Midt på 1300-talet blei tresnittet teke i bruk i Europa.

Duccio: Scener fra Kristi liv

Fotograf: Art Media | Leverandør: Heritage/Scanpix | CC (by nc sa)

Teikneserie: «Scener frå Kristi liv» måla av Duccio til Siena-katedralen i 1308–11.

Dei katolske kyrkjene var rikt utsmykka med skulpturar, relieff, mosaikkar, glasmåleri og måleri på mur, tre og lerret. For kyrkjelyden, der dei fleste ikkje kunne lese og heller ikkje hadde tilgang til bøker, var det bileta som gav dei eit innblikk i den kristne førestellingsverda. Bileta på kyrkjeveggen var datidas teikneseriar.

Mange av dei første trykte bøkene var biletbøker. Men stadig fleire lærte å lese, og skrifta overtok forrangen. Reformasjonen fjerna bileta i kyrkjene. Først med fotografiet, filmen og fjernsynet har biletet teke over som kommunikasjonsberar. Vi kan igjen seie at vi lever i ein visuell kultur.

Menneska som fann opp kunsten

Sjå bileta som blei måla i hòlene i Altamira for kanskje så mykje som 15 000 år sidan.

Kunsthistoria på tre minutt

Skaff deg oversikta med denne uhøgtidelege gjennomgangen av kunsthistoria.