Skrifta blir til
-3100 | -3000 | -2200 | -1600 | -1200 | -600 |
---|---|---|---|---|---|
Kileskrifta, kuneiform, Mesopotamia | Hieroglyffar, Egypt | Indusdalen | Alfabetet | Kinesiske skriftteikn | Mellom-Amerika |
Den første kommunikasjonsrevolusjonen
Thamus var konge i ein by i Egypt. Ein dag kom guden Thoth på besøk. Thoth hadde funne opp mykje nytt, som tal, rekning, geometri, astronomi og skrift. No synte han dei fram for kong Thamus og ville at dei skulle gjerast kjende for alle egyptarar.
Thoth la oppfinningane fram ei etter ei. Om skrifta sa han at ho kom til å betre både visdommen og minnet til egyptarane. Men kongen svarte at det stikk motsette kom til å skje. Dei som lærte å skrive, ville slutte å bruke minnet sitt og bli gløymsame. Dei ville samle mykje informasjon, men utan å bli klokare.
Det var den greske filosofen Sokrates som ifølgje Platon fortalde denne historia. Den viser korleis dei som representerte den munnlege kulturen, følte seg truga av den nye teknologien, skrifta.
I hundretusenar av år har menneska snakka saman. Dei store forteljingane i «Det gamle testamentet» og i «Odysseen» blei gjenfortalde frå hundreår til hundreår før dei blei skrivne ned. Det ser faktisk ut til at mennesket er fødd med naturlege evne for språk, i motsetnad til dei fleste andre artar. Hjernen har eigne område som er spesialiserte for språk.
Lesing og skriving er derimot ikkje evner vi er fødde med. Skriftspråket er ein teknologi som må lærast. Derfor var det i byrjinga ein reiskap berre for den sosiale eliten. Det voks fram av behova til administrasjon og handel i dei store rika i elvekulturane i Midtausten nokre tusen år f.Kr. Det byrja som enkle symbol og piktogram, og utvikla seg til eit fleksibelt system av teikn som kunne setjast saman til ord og setningar.
I mediehistoria kan vi sjå at teknologien ikkje er ein nøytral kanal, men at han formar kulturen som nyttar han. Da menneska byrja skrive, førte det til ei endring i måten dei tenkte på. I ein tekst følgjer ei setning etter den førre i ei logisk rekkjefølgd, ein idé blir utvikla frå ei byrjing til ein konklusjon, ein tanke frå ein annan tekst kan hentast opp og utviklast vidare. Tida, som i den munnlege kulturen blei opplevd som ein sirkel, ei evig gjentaking, blei til ei tidslinje. Rituala og mytane, som du har fått eit glimt av dersom du har sett «Ringenes herre» eller «Harry Potter», gjekk etter kvart tapt.
Skrifthistorie
Bli med gjennom British Museum for å utforske skrifthistoria.
Leirtavler
Den første skrifta, kuneiform, blei utvikla av sumerarane i Mesopotamia. Her kan du gjere ei tidsreise og sjå korleis det gjekk føre seg.