Trykkjekunsten blir utvikla
600 | 868 | 1230 | 1400 | 1454 |
---|---|---|---|---|
Kinesarane trykkjer på papir med treblokker. | «Diamantsutraen», den eldste trykte boka som framleis eksisterer, blir trykt i Kina. | I Korea trykkjer ein bøker med lause typar av bronse. | Europeiske bøker blir trykte med tresnitt. Heile sider blir skorne ut i éi blokk. | Gutenberg trykkjer for første gong ein bibel med lause typar av metall. |
Ei oppfinning som forandra verda
Du har kanskje høyrt at det var Johann Gutenberg som fann opp trykkjekunsten. Det er ikkje heilt korrekt.
Ideen stammar som så mykje anna frå Kina. Det var der dei først fann på å skjere ut spegelvende teikn på små blokker, sette dei saman til linjer og sider, smørje dei inn med farge og presse dei mot papir. Eit av problema deira var at blokkene var laga av tre og veldig fort blei slitne ned.
Gutenberg var gullsmed, og klarte etter mykje prøving og feiling å utvikle ein teknikk som gjorde det mogleg å støype bokstavane i metall. Dermed kunne han trykkje mange fleire eksemplar av dei sidene han hadde sett saman. Etterpå kunne han plukke bokstavane frå kvarandre og bruke dei om igjen til nye sider.
Det skulle mange forskjellige fagfolk til for å trykkje ei bok: skriftstøyparar, setjarar, trykkjarar og bokbindarar. Gutenberg samla dei alle saman i ein verkstad. Han etablerte dermed ei bedrift for masseproduksjon av trykksaker i ei form som har eksistert heilt til våre dagar.
I 1456 kunne Gutenberg lansere si aller første trykte bok, naturleg nok ein bibel, antakeleg i eit heller lite opplag på 120 eksemplar. Boka var nesten heilt lik ei handskriven utgåve. Bokstavane var gotiske akkurat som dei munkane i klostra skreiv med, sidene hadde same spaltebreidde og linjetal, og initialane var dekorerte. Men prisen var dramatisk mykje lågare.
I løpet av nokre få tiår spreidde trykkjeria seg til heile Europa. Ein reknar med at heile fire millionar bøker var trykte innan år 1500, og enda 18 millionar tretti år seinare. Blant bestseljarane var Bibelen, rapportar frå reisene til Christopher Columbus, medisinske og vitskaplege verk, og klassikarar frå Hellas og Roma.
Trykkjekunsten gjorde det mogleg å ta vare på og spreie kunnskap og idear over tid og rom. Einskildmenneske kunne lese Bibelen sjølve og gjere seg opp ei meining om det prestane lærte. Det fekk dramatiske følgjer for mellomaldersamfunnet. Europa blei styrta ut i to hundre år med kaos. Da bølgjene la seg, var det ikkje lenger den katolske kyrkja, men dei nye nasjonalstatane som organiserte Europa.
Mange meiner at Gutenberg er den personen som i størst grad har påverka moderne historie.
Gutenberg og trykkpressa
Ein grundig dokumentar om Johann Gutenberg og oppfinninga hans. Du får blant anna sjå korleis trykkjeprosessen eigentleg gjekk føre seg.
Fotograf: Peter Endig | Leverandør: dpa / Corbis / Scanpix | CC (by nc sa)
Verdas eldste trykte bok
Det finst 48 eksemplar igjen av denne boka, som er rekna som den mest verdifulle boka som finst.
British Library har laga ein nettstad der du kan sjå alle sidene i dei to eksemplara dei har i samlinga. Vel boka du vil sjå, og klikk på knappen merka «Go».
Vil du vite meir om Gutenberg, kan du utforske nettstaden Gutenberg Digital.