Reformasjon og religionskrigar

1517 1559 1604 1648 1660
Martin Luther utløyser reformasjonen med dei 95 tesane som takka vere trykkjeria får stor spreiing. Den katolske kyrkja publiserer si «liste over forbodne bøker», som ikkje blei avskaffa før i 1961. «King James Bible» blir trykt i England. Freden i Westfalen markerer avslutninga på religionskrigane i Europa. 30 000 trykksaker blir publiserte dei 20 åra den engelske borgarkrigen varer.

Trykksverte og blod

Luther slår opp tesene på kirkedøren

Ferdinand Pauwels | Leverandør: akg-images / Scanpix | CC (by nc sa)

Luther slår opp tesane på kyrkjedøra i Wittenberg 31. oktober 1517.

31. oktober 1517 spikra den tyske munken og presten Martin Luther dei 95 tesane opp på kyrkjedøra i Wittenberg. Dette var ein heilt vanleg måte å innby til fagleg drøfting av eit problem på. Fleire prestar hadde prøvd å reformere kyrkja før utan nokon varig verknad. Men denne gongen skjedde det noko uventa.

No blei tesane trykte opp.

Før ein månad var gått, var dei spreidde over store delar av Europa og sette i gang ein debatt som skulle bli umogleg å stanse. Etterspurnaden var så stor at folkemengder samla seg rundt trykkjeria og reiv til seg kopiar før trykksverta hadde rukke å tørke. Ein reknar med at det blei trykt 300 000 eksemplar på få år. Dette var første gongen eit lesande publikum sjølve kunne ta stilling til revolusjonære idear gjennom eit massemedium.

Luther skjønte fort rekkjevidda av det nye mediet, og brukte det for alt det var verdt. Han omsette «Det nye testamentet» til tysk så folk sjølve kunne lese kva som stod der. Han gav også ut ei rekkje bøker der han gjorde greie for læra si.

Slaget ved Maastricht i 1579

Jan Luycken | Leverandør: Amsterdams Historisch Museum / Wikimedia Commons | CC (by sa)

Religionskrigane i Europa var prega av stor brutalitet. Her går spanske troppar amok da dei erobrar Maastricht i 1579.

Da det etter kvart gjekk opp for kyrkja kva som var i ferd med å skje, sette ho i gang ein motreformasjon. Det blei eit blodig hundreår i Europa. Tusenar blei avretta berre for å eige feil versjon av Bibelen. Dei som braut med pavekyrkja, hadde ikkje alltid det same synet og tok harde midlar i bruk også mot kvarandre. «Pilegrimane» som emigrerte frå England til den nye verda, var forfølgde av den engelske kyrkja som sjølv hadde brote med den katolske.

Først midt på 1600-talet døyde religionskrigane ut. Freden i Westfalen i 1648 bestemte at det skulle vere opp til kvar einskild konge å avgjere kva religion folket hans skulle ha. Ein meiner at krigane kan ha redusert folkesetnaden i det tyske riket med mellom 25 og 40 %.

«Her står eg – og kan ikkje anna»

Sjå Luther forklare seg for riksdagen i Worms. Klipp frå Luther-filmen med Joseph Fiennes i rolla som Luther.

Luthers bibel

Fotograf: Torsten Schleese | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Luthers bibel frå 1534

Luther omsette bibelen til tysk slik at han blei tilgjengeleg for vanlege folk. Han skreiv ei rekkje bøker og spreidde på den måten tankane sine ut over heile Europa. Det er ikkje berre Luthers bøker som har hatt stor innverknad. Her finn du ei liste over 50 bøker som forandra verda. Kanskje har du lese nokre av dei?

30-årskrigen

Ein kartanimasjon viser korleis ein av dei lengste og mest brutale krigane i historia utvikla seg.