Trykkpressene spreier seg
1469 | 1490 | 1495 | 1539 | 1593 |
---|---|---|---|---|
Venezia får sitt første trykkjeri, og dei fleste store europeiske byane følgjer etter. | Aldus Manutius startar trykkjeri og forlagsverksemd i Venezia. | Columbus sine brev om oppdagingane blir trykte opp og spreidde over heile Europa. | Ei trykkpresse blir sett opp i Mexico City. | Første trykkpresse i Søraust-Asia blir sett opp på Filippinane. |
Ein industri tek form
Omkring år 1500 blei ca. 25 % av alle bøker trykte i den italienske byen Venezia. Berre femti år etter Gutenberg-bibelen hadde bokbransjen her funne ei form som har fungert heilt til i dag.
Aldus Manutius starta opp eit boktrykkjarfirma i Venezia i 1490-åra. Her samla han alle dei funksjonane som utgjer eit moderne forlagshus. Han hadde skriftstøyparar, setjarar, trykkjarar og bokbindarar. Han tilsette også fagekspertar og korrekturlesarar, og knytte til seg profesjonelle forfattarar.
Og han sørgde for marknadsføring. Aldus sende regelmessig ut katalogar over bøkene sine med rettleiande priser akkurat som forlaga gjer i dag. Det er grunnen til at vi veit så mykje om den store produksjonen hans.
Mange av manuskripta han tok imot, var handskrifter av dei gamle greske klassikarane. Men det blei også skrive nye bøker. Dei store opplaga som kunne trykkjast, gjorde det mogleg for lærde å leve av forfattarverksemda utan å vere tilsett ved universitet eller i kyrkje eller stat. Ein av dei mest kjende er Erasmus frå Rotterdam.
På denne tida var det framleis vanleg at bøkene var store i format. Førebiletet var dei handskrivne verka i klostra som låg på eigne lesepultar når dei blei studerte. Manutius laga bøker som var så små at ein kunne ta dei med i lomma og lese dei på reiser, akkurat som pocketbøkene vi har i dag.
I Nord-Europa blei bøkene trykte med gotisk skrift, som eigentleg berre var ein trykt variant av handskrifta til munkane. Det var i Venezia antikvaskrifta oppstod. Det er den vanlegaste skrifta i dagens bøker. Manutius fekk også utvikla kursivskrifta, som vi no bruker til å framheve tekst. Manutius brukte henne fordi ho er smalare og tettare enn annan tekst. Med fleire ord på kvar side blei kostnadene lågare og bøkene billigare.
Fleire skrifttypar som blir brukte i dag, byggjer på skrifter som blei designa i verkstaden til Manutius. Ei av dei har fått namnet Aldus.
Aldus heitte også selskapet som laga PageMaker. PageMaker er eit program som blei levert med Macintosh da han blei lansert i 1984, og seinare også med PC. Saman med laserskrivaren introduserte dei det vi kallar desktop publishing. Firmaet Aldus blei seinare slått saman med Adobe som blant anna produserer sideombrekkingsprogrammet InDesign.