Opplysningstida
1650 | 1665 | 1694 | 1751 | 1776 |
---|---|---|---|---|
Det første kaffihuset blir opna i Oxford og gir folk tilgang til trykksaker og aktuelle debattar. | Journal des Sçavans blir det første av ei rekkje vitskaplege og litterære tidsskrift. | Slutt på trykkjesensur i England. | Første bind av «Encyclopedien» kjem ut i Paris. Det tek 21 år å gjere alle dei 28 binda ferdige. | Prinsippet om trykkjefridom blir nedfelt i den amerikanske sjølvstendeerklæringa, og i den franske borgarrettserklæringa i 1789. |
Å forandre korleis folk tenkjer
I 1751 kom første band av «Encyclopedien» ut i Paris. Da det var ferdig, bestod verket av heile 71 818 artiklar og 3 129 illustrasjonar samla i 28 band. Det hadde som føremål å presentere all menneskeleg kunnskap og med det bryte ned det forfattarane såg på som gammal overtru.
Trykkjekunsten hadde gitt heile Europa del i Martin Luther sine tankar og redusert autoriteten den katolske kyrkja hadde som forvaltar av sanninga om korleis menneske kan bli frelste. «Encyclopedien» og andre bøker spreidde no opplysningstidas idear ut over både Europa og koloniane i Den nye verda, og stilte spørsmål ved ikkje berre pavens, men sjølve Bibelens autoritet i filosofiske og vitskaplege spørsmål.
Det var ikkje lenger berre overklassen som fekk del i dei nye ideane. Ein trur at talet på menneske som kunne lese, dobla seg i Frankrike gjennom 1700-talet.
Enkelte forskarar meiner også at det skjedde ein revolusjon i lesinga på denne tida. Mens folk tidlegare hadde nokre få bøker som dei leste mange gonger og gjerne høgt saman med andre, blei det frå midten av 1700-talet vanleg at ein ønskte å lese så mange bøker som mogleg, og gjerne aleine.
Vanlege menneske kunne låne bøker i både offentlege og private bibliotek, og det fanst kafear som tilbaud førelesingar, diskusjonar og bokutlån. Det blei også publisert eigne seriar med billigbøker for folk flest.
Dei gamle autoritetane kjempa mot dei nye tankane ved å sensurere bøker og andre trykksaker. Sjølv «Encyclopedien» blei forbode av dei franske styresmaktene. Men arbeidet heldt fram i løynd. Utgivarane hadde mange høgtståande tilhengjarar, og dessutan skapte dei fleire hundre arbeidsplassar, så styresmaktene såg gjennom fingrane med det.
Kravet om trykkjefridom blei ein viktig del av opplysningstidas idéinnhald. Det blei nedfelt i dokumenta til både den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og den franske borgarrettserklæringa i 1789.
Leverandør: akg-images/Scanpix | CC (by nc sa)
Alt om det meste
Det var ikkje grenser for kva «Encyclopedien» tok mål av seg til å gjere greie for. Behov for å bore eit hol i skallen? Her har du instrumenta du treng, og framgangsmåten!
Jean Huber Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)
På kaffibar i Paris
Kaffihus eller kafear var viktige møtestader både for intellektuelle og for allmogen i opplysningstida. I England opna den første i Oxford i 1650. Her ser du Voltaire og Diderot med venner på Café Procope, som opna i Paris i 1686. Det var faktisk her Diderot bestemte seg for å lage «Encyclopedien».