Telegrafen
1792 | 1837 | 1838 | 1844 | 1858 | 1865 |
---|---|---|---|---|---|
Claude Chappe: optisk «telegraf» som blir teken i bruk i fleire land | Cooke og Wheatstone: elektrisk telegraf med fem leidningar | Morse: elektromagnetisk telegraf og morsekoden | Morse sender telegram mellom Washington og Baltimore | Første transatlantiske telegrafkabel | International Telegraph Union (ITU) vedtek morsealfabetet som standard |
Prikkar og strekar
Veit du kvifor maratondistansen er akkurat 42 195 meter lang?
Hausten 490 f.Kr. slo atenarane persarhæren i eit stort slag ved Maraton i Hellas. Bodberaren Pheidippides løp så dei 42 kilometrane heim til Aten utan ein einaste pause. «Vi vann», stønna han fram, før han fall saman og døydde. Maratonløpet er til minne om han.
Det kan vere vanskeleg for oss å fatte kor langsamt nyheitene spreidde seg fram til midten av førre hundreåret. Til dømes slost amerikanske og engelske soldatar framleis ved New Orleans 8. januar 1815 fordi nyheita om fredsslutninga som var blitt underteikna før jul, enno ikkje var rokken fram til dei. Meldinga blei send frå London med seglbåt og brukte sju veker på turen.
Fotograf: Leonard de Selva | Leverandør: Leonard de Selva / CORBIS / Scanpix | © All Rights Reserved
Det var gjort mange forsøk på raskare kommunikasjon. Under Napoleonskrigane bygde det franske militæret ei kjede av signaltårn som kunne sende beskjedar ved hjelp av visuelle teikn. Dei kalla det telegraf, altså «fjernskrift». I marinen gjekk meldingane frå skip til skip med signalflagg. Aksjespekulantar og aviser brukte til og med brevduer.
Samuel Morse var i New York for å måle eit portrett da kona hans døydde i barnefødsel heime i Connecticut. Det triste brevet kom så seint at han ikkje rakk fram til gravferda. Han heldt fram med å måle, og lærte seg fotografering også, mens han grubla over korleis han kunne få til å sende signal gjennom leidningar ved hjelp av elektrisk straum.
Andre hadde allereie klart det. I Storbritannia blei ein innvikla elektrisk telegraf patentert i 1837. Han brukte fem leidningar og eit system av visarar for å overføre ein tekst. Det var denne telegrafen avisa «The Times» nytta da dei var på gata med nyheita berre ein time etter at dronning Victoria hadde fødd den andre sonen sin.
Det geniale ved det systemet Morse kom fram til, var programvara. Han fann ein måte å kode alfabetet til ulike kombinasjonar av korte og lange impulsar på, som hos mottakaren blei til prikkar og strekar på ei papirremse. Dermed blei det også mogleg å klare seg med éi leidning.
Etter mykje strev fekk han finansiert ein testkabel frå Washington til Baltimore. Da nyheiter frå eit partilandsmøte i 1844 kom fram ein time før dei som var sende med toget, snudde skepsis til begeistring. I 1850 var det allereie bygd 20 000 km telegraflinje i USA. 20 år seinare hadde dei auka til 200 000 km. Ei stund var linjene eigde av heile 500 konkurrerande selskap, men i 1870 hadde telegrafselskapet Western Union skaffa seg noko nær monopol.
Også det europeiske kontinentet blei hurtig tråkla saman med leidningar. Her var det vanleg at styresmaktene gjennom postvesenet eigde og opererte telegrafen. Fordi linjene måtte krysse landegrenser, fekk ein tidleg organisert eit internasjonalt samarbeid. I 1851 blei morsealfabetet vedteke brukt i heile det europeiske telegrafnettet. Da den første sjøkabelen mellom Europa og USA blei lagt i 1866, var prikkane og strekane til Samuel Morse blitt standard over heile verda.
Tidlege forsøk
Mange metodar har blitt brukte for å sende meldingar over lange avstandar – med vekslande hell. Her gir Monty Python deg ei rask (men langt frå komplett) oversikt.
Morse-telegrafen
Sendaren nyttar ein telegrafnøkkel til å skape korte og lange elektriske impulsar, som får ei nål hos mottakaren til å teikne prikkar og strekar på ei papirremse. Sjå oppfinninga til Morse demonstrert.
Historia til telegrafen
Telegrafhistoria på under tre minutt
Lær deg morsealfabetet
Kven veit, kanskje du får bruk for det ein vakker dag ...