Telefonen

1844 1876 1880 1892 1927
Innocenzo Manzetti lanserer ideen om ein «talande telegraf» Alexander Graham Bell demonstrerer den første telefonsamtalen The International Bell Telephone Company opnar det første telefonanlegget i Noreg Den første automatiserte telefonsentralen, i Indiana, USA Kommersielt telefonsamband (over radio) mellom Europa og USA

Fjernlyd

Alexander Graham Bell demonstrerer telefonen

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Alexander Graham Bell demonstrerer telefonen i 1876

«Kvifor skulle noko menneske ønskje å nytte denne klumsete og upraktiske innretninga når han kan sende eit bod ned til telegrafkontoret og få ein tydeleg skriftleg beskjed send til kva storby som helst i Dei sameinte statane?»

Nei, sjefane i telegrafselskapet Western Union var slett ikkje interessert i å kjøpe det patentet dei var blitt tilbodne av kompanjongane Alexander Graham Bell og Gardiner Hubbard. Bell hadde funne opp telefonen, altså «fjernlyd» i motsetnad til telegrafens «fjernskrift», eit apparat som kunne sende tale gjennom leidningar over lange avstandar. 10. mars 1876 demonstrerte han den første telefonsamtalen.

Dei to kompanjongane sette i gang å strekkje leidningar på eiga hand. Det blei ein stor suksess. Etter berre ti år var det 150 000 telefoneigarar i USA. Bell Telephone Company bygde også ut linjer i andre land, saman med andre private og offentlege selskap. Rundt 1893 var Sverige det landet i verda som hadde tettast telefondekning. New Zealand, Sveits og Noreg låg også framfor USA.

Da Bells patent løp ut midt i 1890-åra, tok USA over leiinga. 6 000 telefonselskap spratt opp over heile landet. Bell og morselskapet AT&T (American Telephone and Telegraph) klarte ved hjelp av omsynslause forretningsmetodar å leggje dei fleste av dei under seg eller presse dei ut av bransjen. Da styresmaktene prøvde å bryte opp monopolet dei hadde skaffa seg, lanserte dei ein av dei sterkaste PR-kampanjane i historia, der dei i tusenvis av annonser argumenterte for at det var betre med eit «naturleg» monopol enn eit lappeteppe av ulike system. Dei vann fram med argumenta sine og fekk halde fram som eit regulert monopol heilt fram til 1980-åra.

I Noreg kom det første telefonanlegget mellom Oslo og Drammen i 1880. Men allereie det året Bell viste fram telefonen for første gong, hadde ein forretningsmann i Ålesund kjøpt med seg eit sett frå USA og monterte det mellom heimen og firmaet sitt. Det offentlege Telegrafverket tok etter kvart over dei private linjene i Noreg.

Det var ikkje opplagt med ein gong kva det nye mediet skulle brukast til. I Ungarn var det eit system som blei kalla Telefon Hirmondó som blei nytta til heimeunderhaldning, omtrent som radioen noko seinare. Det blei prøvd i USA også, men mislyktast. All forskinga på telegraf- og telefonteknologien kom seinare radioen og fjernsynet til gode. Nokre historikarar ser derfor på telefonen som «far til kringkastinga».

«Fjerntale»

«Far Speak», ein artig dokumentarfilm frå 1935 om historia til telefonen.

Korleis bruke ei nummerskive

Da telefonsentralane blei automatiserte, kunne abonnenten sjølv ved hjelp av ei nummerskive bestemme kor ho skulle ringje. Men det kunne vere greitt med ein instruksjon først ...

Ericssons bakelittelefon

Fotograf: Holger Eligaard Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Eit norsk designikon

Dette telefonapparatet frå svenske L.M. Ericsson møtte stor internasjonal velvilje da det kom på marknaden i 1931. Dei tekniske og estetiske eigenskapane gjorde det til eit førebilete, og det blei laga kopiar over heile verda.

Apparatet blei kjent som «the Swedish type of telephone». Men det var sjefskonstruktør i norske Elektrisk Bureau, Johan Christian Bjerkenes, som saman med kunstnaren Jean Heiberg hadde designa det.

Du kan lese meir om produktet på sidene til Telemuseet.