Mobiltelefonen

1981 1991 1992 2001 2007
NMT, Nordisk Mobil Telefon, verdas første heilautomatiske mobilsystem som kan brukast i fleire land Det digitale GSM-systemet blir lansert i Finland Første SMS blir send, rett nok frå ein pc. Teksten lyder: «Merry Christmas» UMTS eller 3G blir lansert i Japan Apple slepp første generasjon av smarttelefonen iPhone

Heile verda i lomma

Ericsson Hotline

Leverandør: Wikicollecting

Ericsson Hotline 450 blei veldig populær med ei vekt på berre fire kilo...

Det var ikkje kven som helst som kunne gå rundt med ein mobiltelefon i 1980-åra. Den lettaste modellen ein kunne finne til å byrje med, den norskproduserte Simonsen, veide 7,7 kg. Ein fekk han med ein ryggsekk, men dei fleste nytta han nok i bilen. Du synest nok den nye iPhonen er dyr, men denne måtte du ha bladd opp 30 tusenlappar for! Ikkje så rart kanskje at eigen mobiltelefon var eit statussymbol og eit lokkemiddel næringslivet brukte for å trekkje til seg dei beste jobbsøkjarane.

Vesle Noreg var heilt i framkant i den første fasen av utviklinga av mobiltelefonen. Japan var rett nok først med eit kommersielt automatisert mobilnett i 1979, men dei nordiske landa følgde hakk i hæl med systemet Nordisk MobilTelefoni (NMT). Systemet var analogt, og telefonane var store og tunge, men salet gjekk over alle forventningar. I 1988 var Noreg landet med høgast mobiltettleik i verda.

Nokia 1011

Fotograf: Jkbw | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Nokia 1011 frå 1992 var den første kommersielle gsm-telefonen frå den finske produsenten.

GSM var ein digital mobilteknologi som blei lansert i Finland i 1991. Telefonane blei mykje mindre, og det blei mogleg både å sende tekstmeldingar (SMS) og surfe på nettet (WAP), i tillegg til å snakke saman.

iPhone

Fotograf: Justinhu8 | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Førstegenerasjon iPhone frå 2007

Tredje generasjon mobilnett (UMTS, også kalla 3G) blei lansert i Japan i 2001 og auka først og fremst farta på dataoverføringa. Det var nødvendig for å kunne bruke multimedieinnhaldet på nettet og overføre bilete og videoar frå kameraa som etter kvart blei vanlege på telefonane. Ikkje minst smarttelefonane, som for alvor tok av da Apple introduserte iPhone i 2007, hadde nytte av 3G. Men også 3G-nettet blei etter kvart ein flaskehals. No er fjerde generasjon mobilnett under utvikling. LTE-standarden blei først tilboden av TeliaSonera i Skandinavia.

Tekstmeldingar blei ein uventa suksess for teleselskapa. Den aller første blei send i 1992 med teksten «Merry Christmas». I 2010 blei det send 6.1 billionar meldingar i verda, eller så mange som 193 000 meldingar kvart sekund. Det blir arrangert meisterskap i teksting. Ei norsk jente sette verdsrekord i 2009.

Innan utgangen av 2012 vil det finnast like mange mobile einingar som innbyggjarar på jorda, ifølgje nettselskapet Cisco. Tre firedelar av desse finst i utviklingsland. Mobiltelefonane gjer det mogleg også for folk i land med dårleg utbygd infrastruktur å bli del av det som blir kalla den globale landsbyen.

Mobiltelefonen på 80-talet

La deg freiste (?) av det siste innanfor mobiltelefonar (og motar) på åttitalet!

Mobilen tek over

Sjå forbløffande statistikkar og tal på mobiltelefoniens vekst (2010).

SMS

Fotograf: Berit Roald | Leverandør: Scanpix | CC (by nc sa)

20 år med 160 teikn

SMS er raskt, enkelt, og meldingane kjem alltid fram. Det er grunnen til at SMS har blitt ein så stor suksess, ifølgje Tore Aarønæs i Telecom. I 2012 hadde han 20-årsjubileum.

Les meir i denne reportasjen i VG.