Telegrambyråa

1835 1846 1849 1851 1851
Agence Havas leverer franske nyheiter til utanlandske kundar, ofte med brevduer Fem aviser i New York spleisar på ei ekspressteneste for telegram frå borgarkrigen Wolffs Telegraphisches Bureau leverer tyske nyheiter til i 1930-åra Samarbeidet i New York blir ei permanent nyheitsteneste, the New York Associated Press Reuters News Agency, som framleis er det største britiske nyheitsbyrået

Nyheiter til sals

Da president Lincoln blei skoten og drepen i 1865, var ikkje telegrafkabelen mellom USA og Europa ferdig enno. Dampskipet til London hadde nettopp lagt frå kai da nyheita nådde avdelingskontoret til det britiske telegrambyrået Reuters i New York. Men agenten var ikkje rådlaus. Han leide like godt ein slepebåt, tok igjen dampskipet, og hadde nyheita for sal i London to timar før nokon andre.

Nyheita var blitt ei vare, og det var telegrafen som hadde gjort henne til det.

Western Union formidler nyheter fra borgerkrigen

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Ei folkemengd har samla seg utanfor eit av telegrafkontora til Western Union for å lese siste nytt frå den amerikanske borgarkrigen.

Det byrja under den meksikansk-amerikanske krigen. Fem aviser samarbeidde om å få bygd ei telegraflinje til fronten så det skulle bli lettare å få sendt nyheitene derfrå. Dei danna telegrambyrået Associated Press i 1851 og selte nyheiter til andre aviser.

AP skaffa seg også ein avtale med Western Union, som hadde monopol på telegraftenestene i USA, om at berre deira abonnentar skulle få bruke desse. Dette monopolet varte til godt inn på 1900-talet og gjorde det vanskeleg å starte nye aviser og nyheitstenester der.

I Frankrike tok nyheitsbyrået Havas i bruk den nye teknologien. Dei hadde levert nyheiter også før telegrafen kom, blant anna ved hjelp av brevduer. I 1840-åra starta tidlegare Havas-tilsette opp nye telegrambyrå i Storbritannia (Reuters) og Tyskland (Wolffs). Desse tre blei også dominerande i marknaden, men dei klarte ikkje å få eksklusive avtalar med telegraftenestene, som i Europa blei drivne av styresmaktene.

I dag er det AP (amerikansk), Reuters (engelsk), AFP (fransk), EFE (spansk) og DPA (tysk) som konkurrerer i den globale nyheitsmarknaden.

Når nyheita blei ei vare som skulle seljast, blei det ekstra viktig at ho var til å stole på. AP sette ein standard for sakleg og objektiv journalistikk som etter kvart spreidde seg i avisene som abonnerte på tenesta.

Fordi det var kostbart å sende eit telegram, forandra også stilen i nyheitsmeldingane seg. Blomstrande skildringar og eigne kommentarar frå journalisten blei kutta ut. Nyheitsmeldingane blei korte og konsentrerte, slik vi kjenner dei i dag.

Det blei også vanleg å samanfatte den viktigaste informasjonen i dei første setningane, i tilfelle sendinga skulle bli avbroten av tekniske problem eller sensur i eit land ho blei send gjennom. Denne måten å skrive på blei etter kvart standard i avisene, og fekk namnet nyheitstrekanten eller «den omvende pyramiden».

Telegrafen forandrar nyheitsspråket

Dei høge kostnadene ved å sende telegram gjorde at reporterane utvikla ein ny måte å skrive nyheitssakene på. Omstendelege litterære skildringar og overflødige adjektiv blei kutta ut, og den viktigaste informasjonen samla i byrjinga av artikkelen.

Her kan du lese første avsnittet av to nyheitsartiklar som begge handlar om ei trefning i krig. Den første er frå like før og den andre frå like etter telegrafen kom.

Du kan lese heile artiklane her.

If the exhibition of the most brilliant valor, of the excess of courage, and of a daring which would have reflected luster on the best days of chivalry can afford full consolation for the disaster of today, we can have no reason to regret the melancholy loss which we sustained in a contest with a savage and barbarian enemy.

William Howard Russell frå Krimkrigen, «Times of London» 25.10.1854

Our troops, after taking three batteries and gaining a great victory at Bullrun, were eventually repulsed, and commenced a retreat on Washington.

Henry Villard frå den amerikanske borgarkrigen, «New York Herald» 22.07.1861

Journalistspråket

Her kan du høyre meir om korleis journalistspråket har forandra seg.

Denne videoen er frå 1987, og er i seg sjølv eit eksempel på endringane. I dag ville tempoet vore høgare, effektane fleire, og språket enda meir munnleg.