Radiotelegrafen
1859 | 1880 | 1897 | 1900 | 1912 |
---|---|---|---|---|
Spektakulært nordlys gir telegrafistar støyt. Kor kjem denne mystiske elektrisiteten frå? | Hertz skaper elektromagnetiske bølgjer i laboratoriet | Marconi sender telegram trådlaust seks kilometer | Radiotelegrafen er teken i bruk på store havgåande skip | Titanic-forliset syner at radiotelegrafen treng vidareutvikling |
SOS
Det blir fortalt at Jack Phillips, telegrafisten på Titanic, ikkje heldt opp med å sende ut naudsignala før han følgde skipet til botnar.
Berre ei dryg mil unna låg skipet Californian og venta på dagslys. Ho kunne rokke fram i tide med hjelp. Men telegrafisten var gått til køys. Like før hadde han telegrafert Titanic og åtvara om isen, men fått kontant beskjed om å halde kjeft og ikkje forstyrre fordi ein hadde meir enn nok å gjere med å ta imot nyheiter og aksjekursar som passasjerane ville forlange neste morgon.
Men vent ein augneblink. Var det ikkje slik at telegrafen blei send gjennom leidningar? Korleis kunne han da bli brukt ombord på eit skip?
Radiotelegrafen, elektriske impulsar sende gjennom lufta, var den store nyheita rundt det førre hundreårsskiftet.
Interessa var blitt vekt i 1859 da valdsame nordlys slo ut telegrafsystem over heile kloten og telegrafistane blei slegne medvitslause av sterke elektriske støytar. Kor straumen kom frå, var eit mysterium. Ein skjønte berre at det måtte vere ein samanheng mellom magnetismen i nordlyset og elektrisiteten i leidningane.
Tyskaren Heinrich Hertz klarte i 1880-åra å skape elektromagnetiske bølgjer i laboratoriet. Men kva kunne det brukast til, spurde studentane. «Det er ikkje til noka som helst nytte», svarte han.
For andre forskarar var det som eit nytt kontinent av moglegheiter.
Den som først klarte å gjere det til noko nyttig, var irsk-italienaren Guglielmo Marconi. Han fekk til å sende elektromagnetiske impulsar over lengre avstandar og skjønte korleis han kunne tene pengar på det. Han tok kontakt med det britiske postverket som akkurat da hadde teke over det siste private telegrafselskapet. I 1897 demonstrerte han korleis han trådlaust kunne sende telegramma over ein avstand på heile seks kilometer. Dei neste åra klarte han å utvide rekkjevidda. I 1900 var radiotelegrafen som Marconi hadde patentert, i bruk på dei fleste store havgåande skipa og redda mange menneskeliv.
Titanic-forliset viste at den nye teknologien hadde nokre svake sider. Det blei innført lover som påla alle skip å lytte etter naudsignal døgnet rundt. Det blei også utvikla teknologi som gjorde det mogleg å sende på ulike frekvensar, slik at fleire kunne kommunisere samstundes.
Naudsignala frå Titanic
Telegrafisten på Titanic sende ut naudsignal heilt til det siste. I denne rekonstruerte sendinga kan du høyre korleis det lydde.
Fotograf: Ann Ronan Pictures | Leverandør: Heritage/Scanpix | CC (by nc sa)
Arrestasjon til sjøs
Etter å ha myrda og partert kona si, klarte Dr. Hawley Harvey Crippen saman med kjærasten å komme seg om bord på skipet Montrose. Kapteinen ante uråd og kunne takka vere den toppmoderne radiotelegrafen få kontakt med Scotland Yard. Ein detektiv blei send med eit raskare skip og klarte å arrestere paret før dei gjekk i land i Canada. I rettssaka blei kjærasten frikjend, men Crippen blei funnen skuldig og hengd.
Dette skjedde i 1910, og det var første gongen ein forbrytar på flukt blei arrestert til sjøs, takka vere oppfinninga til Marconi.