Dei første radiosendingane
1906 | 1906 | 1914 | 1920 | 1920 |
---|---|---|---|---|
Reginald Fessenden: første eksperimentelle radiosending med tale og musikk | Lee DeForest: Audion radiorøyr som betrar både sending og mottak | Edwin H. Armstrong: forsterkar som gjer hovudtelefonane overflødige | Første nyheitssending på radio frå ein stasjon i Michigan, USA | Dei første eksperimentelle radiosendingane i Storbritannia |
Radiogalskap
Julaftan 1906. I skipa rundt Cape Cod på austkysten av USA sat telegrafistane og lytta til morsesignala i øyretelefonane sine. Plutseleg høyrde dei noko merkeleg. Ein fiolin … kunne det verkeleg vere ein julesong? Og så ei menneskeleg røyst som las frå Bibelen. Det var sikkert meir enn éin telegrafist den kvelden som lurte på om heimlengsla var blitt så sterk at han hallusinerte.
Det dei høyrde, var eit tidleg eksperiment med radio. Den kanadiske oppfinnaren Reginald Fessenden hadde klart å utvikle eit system som kunne kringkaste musikk og tale over radiobølgjene. No hadde han bygd ein sendestasjon for å få gjennomslag for teknologien. Men verken telefonselskapet AT&T eller Marconi som laga radiotelegrafen, var interessert.
Den første nyheitssendinga på radio gjekk på lufta hausten 1920 frå ein stasjon i Michigan i USA. Fleire radiostasjonar blei starta både i USA og andre land. Dei sende konsertar, sport og anna underhaldning i tillegg til nyheiter.
Radiolyttarane var 1920-åras nerdar. Unge menneske bygde sine eigne krystallapparat og leita seg fram til dei fjernaste stasjonane på eteren. Meir avanserte mottakarar fekk bein å gå på i butikkane. Den månadlege produksjonen av radiorøyr auka frå 5 000 i 1921 til over 200 000 i juni 1922, og 125 millionar i 1930. Fenomenet fekk til og med eit eige namn: radiogalskapen, «the radio craze».
Dei lytta til det dei fann. I 1927 var det 732 stasjonar i USA. Nokre av dei samarbeidde i dei to nettverka NBC og CBS som framleis er to av dei store tv-nettverka. Det tredje store, ABC, blei danna da NBC blei delt i 1943.
Den aller første radiosendinga
Slik kan det ha gått føre seg da den aller første radiosendinga gjekk på lufta julaftan 1906. Men la deg ikkje lure av stilen på filmen – dette er ein moderne rekonstruksjon!
Ei god antenne måtte til
Skulle du få inn fjerne stasjonar på radioen din i 1920-åra, måtte du ha kraftige antenner. I dette nummeret av det amerikanske bladet «Popular Mechanics» frå 1926 kan du lese om dette, og mykje anna som var nyttig å vite om det populære nye mediet.
«The Roaring 20's»
1920-åra i USA kallast ofte «The roaring 20's». Nye oppfinningar såg dagens lys i eitt vekk, pengane yngla på børsen, musikken svinga, og stadig fleire fekk del i alt den nye tida bringa med seg. Her får du ei lita smaksprøve på det som hende.