Radioens gullalder
1928 | 1929 | 1933 | 1933 | 1938 |
---|---|---|---|---|
NBC går med overskott | Radiokomedien «Amos 'n' Andy». Underhaldningsprogram pressar ut symfoniar og føredrag | President Roosevelt innleier sine populære «fireside chats» | Radio Luxembourg startar kommersielle sendingar til Storbritannia | Høyrespelet «Klodenes kamp» skapar panikk i New Jersey |
Elektronisk peiskos
Det var eigentleg berre meint som ein Halloween-spøk. Men lyttarane fekk panikk. Hundretusenar flykta ut på gatene. Til alt hell blei ingen drepne i kaoset, som resulterte i 12 500 avisartiklar berre den første månaden etterpå.
Høyrespelet «Klodenes kamp» blei sendt på CBS 31. oktober 1938. Det var laga av den unge regissøren Orson Welles etter ein roman av H.G. Wells. Boka handlar om marsbuarar som landar i New Jersey, slepp ut ei sky av giftgass, tek over New York, og til slutt blir utsletta av bakteriar. Ikkje akkurat enkelt å få ei sånn historie til å verke overbevisande. Så for å gjere det i alle fall litt meir truverdig, fann han på å ramme inn historia i ein serie nyheitssendingar.
Vi er, som du sikkert skjønner, midt i det vi kallar radioens gullalder. Den tida da «alle» samla seg rundt radioapparata på kveldane, og hadde dei same programma å snakke om dagen etter. Tida før fjernsynet tok over. I USA var det 1930- og 40-åra, i Noreg 1950-åra.
Radioen batt nasjonen saman på ein måte som kan vere vanskeleg å førestelle seg i dag. President Roosevelt heldt regelmessige «fireside chats» i radioen for å leie folket gjennom depresjonen i 1930-åra og vekkje dei til kamp mot fascismen under andre verdskrigen. Både Winston Churchill og Adolf Hitler heldt dei store talane sine i radioen. I Noreg gjorde Vidkun Quisling statskupp i ei radiosending.
Kva høyrde folk på? Til å byrje med var programmet sjølv i amerikansk radio kva vi ville kalla ganske finkulturelt. NBC sende for eksempel leksjonar i musikkunnskap, høyrespel basert på teaterstykka til Shakespeare, politiske debattar og symfoniar.
Men det vara ikkje lenge før lettare underhaldning tok over eteren. Komikarar, populærmusikk, høyrespel og barneprogram var populære. Problemet var at radioen var så effektiv som reklamekanal. Og det annonsørane ville ha, var naturleg nok program som samla flest mogleg lyttarar.
Men i Storbritannia, Noreg og andre land med lisensfinansiert kringkasting, dominerte føredrag og seriøs musikk programflata til langt ut i 1950- og 60-åra. Ungdom som ville høyre den nye popmusikken, var viste til å peile inn utanlandske kommersielle stasjonar som Radio Luxembourg på mellombølgja.
Høyrespelet som jaga hundretusenar på flukt
Her kan du høyre originalversjonen av «Klodenes kamp».
Pressekonferansen
Høyrespelet «Klodenes kamp» fekk enorm merksemd i avisene. Her kan du bli med på ein pressekonferanse med Orson Welles etter sendinga.
«On the Air» i 1937
Til å byrje med blei dei fleste radioprogramma sende på direkten. Her kan du følgje innspelinga av eit musikkprogram, i ein dokumentarfilm frå 1937.
Heng du med nokre minutt, får du også ei ypparleg innføring i korleis heile radioteknologien fungerer.