Nyheiter på radio

1922 1927 1935 1933 1937 1938
BBC aksepterer stramme rammer for nyheitssendingar for ikkje å konkurrere med aviser og telegrambyrå BBC får fridom til å hente inn nyheiter og utvidar nyheitssendingane CBS opprettar ei nyheitsavdeling CBS/NBC godtek å leggje ned eigne nyheitsavdelingar og avgrense nyheitssendingane Herbert Morrison viser verdien av radionyheitene da luftskipet Hindenburg eksploderer Politisk uro i Europa skaper stor etterspørsel etter nyheiter og mindre konflikt mellom radioen og dei trykte media

«This is London»

Avisforside etter Hindenburg-katastrofen

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Avisene bringa nyheita om Hindenburg-katastrofen, men det var radioreportasjen som verkeleg gav folk kjensla av å vere til stades.

Det 245 meter lange luftskipet med 97 menneske og 200 000 kubikkmeter hydrogengass om bord eksploderte i eit inferno av flammar da det nærma seg fortøyingsmasta i Lakehurst, New Jersey, 6. mai 1937. Det var den første transatlantiske luftskipsturen til USA dette året, og radiojournalisten Herbert Morrison hadde møtt fram for å dekkje innkomsten for eit radioprogram som skulle sendast neste dag. Den sendinga er blitt ei av dei mest kjende i mediehistoria. Du finn henne på YouTube saman med eit filmopptak av ulukka.

Hindenburg-reportasjen var berre eitt av ei rekkje døme som i 1930-åra demonstrerte kor sterk radioen var i nyheitsformidlinga. Bakgrunnslyd frå det som skjedde, og kjenslene som kom til uttrykk i røysta til reporteren, gav publikum ein heilt ny nærleik til hendingane.

Avisene tok i bruk alle dei middel dei hadde for å motarbeide den farlege konkurrenten. Allereie i 1922 hadde BBC i Storbritannia måtta inngå ein avtale med avisene og telegrambyråa om ikkje å sende nyheiter før klokka 19, i tillegg til andre restriksjonar. I 1933 gjekk telegrambyråa saman om å boikotte dei amerikanske radiostasjonane og rettsforfølgje dei som likevel sende nyheitene deira. Stasjonane måtte også her gå med på berre å ha sendingar på kveldstid og vise lyttarane til avisene for fleire detaljar.

Krigsreporter ved fronten

Leverandør: NTB/Scanpix | CC (by nc sa)

BBCs Robin Duff rapporterer frå fronten i juni 1944. Han bruker ein Midget-opptakar, spesielt utvikla av ingeniørane i BBC for slike oppdrag. Opptakaren veg «berre» 35 kg. Korrespondentar kan lage på-staden-innspelingar i alle slags situasjonar. Seinare blir opptaka sende over til BBC via mobile sendarar i området.

Men da krigen nærma seg, blei behovet for nyheiter så stort at avisene slutta å bekymre seg om konkurransen. Den andre verdskrigen blei eit gjennombrott for radioen som nyheitsmedium.

I Storbritannia hadde BBC heile ti daglege nyheitsbulletinar på det meste. 16 millionar lyttarar samla seg rundt radioapparata ved sendinga klokka 21, det var halvparten av den vaksne befolkninga i landet. Sendinga blei eit samlingspunkt for nasjonen, «nesten like heilag som familieandakten ein gong skal ha vore», ifølgje BBC-historikaren Asa Briggs.

Edward R. Murrow

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Edward R. Murrow

Ein av dei amerikanske reporterane som blei mest kjend, var Edvard R. Murrow. Han stod med mikrofonen på hustaka i London under blitzen mens han skildra bombene som fall rundt han, og innbyggjaranes viljefastleik og mot. Da han kom til London i 1937, blei han nekta medlemskap i klubben til pressekorrespondentane fordi han arbeidde i radio. Da krigen slutta, var han president i klubben.

Hindenburgkatastrofen

Her kan du høyre Herbert Morrisons augnevitneskildring da Hindenburg eksploderte i flammar. Bileta er frå opptak til ei filmavis.

This is London

Høyr ein av dei første reportasjane CBS-reporteren Edward R. Murrow sende heim frå London. Han står på Trafalgar Square den 24. august 1940. Lyden du høyrer i bakgrunnen, er luftvernsirenene.

Frigjeringa av konsentrasjonsleiren Buchenwald

Ein annan sterk reportasje frå Edward R. Murrow. Denne gongen ei augnevitneskildring frå Buchenwald 16. april 1945.