I organiserte former

1922 1926 1926 1927 1927
British Broadcasting Company blir danna med private selskap som aksjonærar Det lisensfinansierte BBC, British Broadcasting Corporation, overtek med monopol på radiosendingar NBC, National Broadcasting Company, det første nettverket i USA CBS, Columbia Broadcasting System FRC, Federal Radio Commission, blir oppretta av Kongressen for å regulere radioen i USA

To system

Radio er annleis enn aviser på den måten at det er berre eit visst tal stasjonar som kan sende samstundes utan at dei øydelegg for kvarandre. Det blei derfor tidleg klart at nokon måtte regulere marknaden.

I USA oppretta kongressen Federal Radio Comission (FRC, seinare FCC) i 1927. Dei delte ut frekvensar til stasjonane og stilte visse minstekrav til innhaldet. Stasjonane blei framleis privateigde, og dei store nettverka fekk mykje makt. Utstyr og programproduksjon blei finansiert ved reklame.

Det var ofte slik at eit firma sponsa ein heil programserie, og derfor fekk stor innverknad på innhaldet. Da stjernereporteren Edward R. Murrow i ein reportasje frå den krigsherja italienske byen Anzio nemnde at ordføraren var både katolikk og kommunist, fekk han klar beskjed frå direktøren i suppefabrikken som sponsa sendingane, at han måtte vere meir pro-amerikansk.

Ei anna følgje av det amerikanske systemet var at programma etter kvart blei veldig kommersielle. Stasjonane satsa på lett underhaldning som gav høge lyttartal og dermed tilsvarande store reklameinntekter, og som dessutan var billige å produsere.

I Storbritannia og Europa elles blei radioen organisert på ein annan måte. Kringkastingsselskapet BBC blei danna i 1922 av det britiske offentleg eigde postvesenet saman med seks privateigde selskap. Engelskmennene var engstelege for at reklamefinansiering ville svekkje kvaliteten på sendingane. I staden innførte dei ein lisens, som var ei avgift alle som hadde eit radioapparat, måtte betale. Men det var vanskeleg å forsvare dersom private eigarar skulle ta ut profitt av selskapet. I 1927 blei BBC omdanna til eit selskap som var uavhengig av både styresmakter og næringsliv, med lisensinnbetaling som einaste inntektskjelde.

BBC var det vi kallar ein allmennkringkastar. Programma skulle tene nasjonen og var prega av kultur og folkeopplysing. Dei blei eit førebilete for norske NRK og mange andre nasjonale kringkastarar i Europa.

Har du betalt lisensen no?

BBC starta opp dei lisensfinansierte radiosendingane sine i november 1922. «Piratar» som lytta utan å betale, var openbert eit problem da som no, for berre eit knapt år seinare blei denne påminninga vist på ei filmavis.

Her er ein annen klassikar, John Cleese i ein versjon frå 1986.

Radioen i Noreg

Den første prøvesendinga i Noreg gjekk på lufta i 1923. Frå 1925 blei det send regelmessig frå det privateigde selskapet Kringkastingsselskapet A/S.

Norsk Rikskringkasting, NRK, blei etablert i 1933, eigd og kontrollert av staten, med monopol på radiosendingar og oppgåva å drive folkeopplysning etter modell av britiske BBC.

Her får du ein kortversjon av norsk radiohistorie frå 1923 og fram til i dag.