I skuggen av fjernsynet

1950- 1954 1960- 1990- 2000-
Radioen og platebransjen finn kvarandre i eit nytt programformat, Top-40 Transistoren gjer radioen mobil «Talk radio», timelange prate- og innringingsprogram FM-radio gir betre lydkvalitet Podcast og strømming over Internettet gir nye moglegheiter og nye utfordringar

I andre rekkje

Kor oppheld du deg når du lyttar på radio?

Neppe i godstolen framfor eit radioapparat i stova. Der er det gjerne ein tv-skjerm som dominerer. Mange spådde at radioen ville forsvinne da fjernsynet kom marsjerande i 1950-åra, men det gjorde han ikkje. I staden forandra han seg til det vi kallar eit sekundærmedium.

Med reiseradio på vei til hytta

Fotograf: Jan Nordby | Leverandør: NTB/Scanpix | CC (by nc sa)

Glade jenter koser seg med reiseradio på toget på veg til hytta påsken 1957.

Det kravde ikkje mykje merksemd å lytte på radio. Det kunne ein gjere mens ein strikka, laga mat, eller for den sakas skuld las lekser. Da reiseradioane og bilradioane kom, kunne ein også ta radioen med seg på heilt nye stader.

Det var på denne tida at populærmusikken tok over radioen. Hi-fi-standarden skapte ein boom i platebransjen. Stasjonane som tidlegare mest hadde spelt live-musikk, tok no platemediet i bruk. Lokale radiostasjonar utvikla eit heilt nytt programformat, Top-40, ein slags konkurranse mellom artistar om kva plate som selde best. Det var billige program å produsere, dei kravde ikkje anna enn ein DJ som spelte platene og prata litt innimellom. Det var dessutan greie program å lytte til mens ein heldt på med noko anna.

Payola-skandalen

Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Frå Kongresshøyringa om Payola-skandalen. Her blir det fortalt at 27 % av platene som blei spelte i eit tv-show var songar som programleiaren hadde økonomiske interesser i.

Salet av dei mest spelte platene skaut i veret og plateselskapa gnei seg i hendene. Mange lét seg freiste til å betale pengar under bordet for å få sine artistar spelte, ein praksis som blei kalla «payola». Så mykje som 22 000 dollar skal ha blitt betalt for å få ei låt spelt. Det kom fram da den amerikanske kongressen tok fatt i problemet og stramma inn på lovgivinga.

Også i Europa måtte radioen forandre seg da fjernsynet tok over plassen i stova, det tok berre litt lengre tid. I 1964 fekk BBC konkurranse av ei rekkje piratstasjonar som sende frå skip som låg oppankra i internasjonalt farvatn utanfor den engelske kysten. Regjeringa blei pressa til å tillate nasjonale reklamefinansierte radiokanalar. Konkurransen førte til at også BBC la meir vekt på populærmusikk og andre programformat med appell til lyttarane.

Piratradio

Nokre klipp frå ni av piratstasjonane som sende frå internasjonalt farvatn utanfor kysten av Storbritannia.

En gutt hører på radio mens han gjør leksene

Fotograf: H. Armstrong Roberts | Leverandør: ClassicStock/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Eit sekundærmedium

Ein gut har radioen på mens han gjer leksene ein gong i 1960-åra. Radioen var blitt eit sekundærmedium, noko ein helst lytta til mens ein gjorde noko anna.