Fotografiet blir til
1490 | 1676 | 1792 | 1826 | 1837 | 1839 |
---|---|---|---|---|---|
Camera obscura, Leonardo da Vinci | Teiknekameraet, Johann Sturm | Første ufikserte fotografi, Thomas Wedgewood | Første bevarte fotografi, Joseph Niépce | Heliografi eller daguerreotypi, Louis Daguerre | Daguerre offentleggjer teknologien utan krav om vederlag |
Solskrift
«Til å byrje med våga vi ikkje sjå for lenge på bileta han [Daguerre] framstilte. Vi blei skremde av kor tydelege desse menneska var, og førestelte oss at desse bittesmå ansikta, festa til ei plate, kunne snu seg og sjå på oss.»
Slik skildrar Charles Dauthendey omkring midten av førre hundreåret det inntrykket dei første fotografia hadde på folk.
Det var Joseph Nicéphore Niépce som i 1826 tok det som blir rekna som det aller første fotografiet. Det syner utsikta frå vindauget hans, og er teke med ei eksponeringstid på åtte timar.
Akkurat som Gutenberg brukte han gamle oppfinningar på ein ny måte.
Det var ei kjend sak at når lyset slapp inn gjennom ei lita opning i eit mørkt rom, oppstod det eit omvendt bilete på bakveggen av det som fanst utanfor. Det blei kalla camera obscura, «mørkt rom». Ein hadde teiknekamera laga av kasser med eit hol framme og ei glasplate bak, der ein kunne leggje eit gjennomsiktig papir på glasplata og teikne av omrisset.
Det var også kjent at det fanst kjemikal som forandra seg når lyset skein på dei.
Det Niépce gjorde, var å smørje asfalt ut over ei tinnplate og setje henne inn i eit camera obscura. Asfalten stivna der han fekk lys på seg, og resten kunne vaskast bort med olje. Men særleg praktisk var det jo ikkje akkurat, og biletkvaliteten blei ikkje veldig god.
Så Niepsce heldt fram med å eksperimentere for å finne stoff som reagerte raskare på lyset og gav eit betre bilete. Det same heldt målaren Louis Daguerre på med. Dei byrja å samarbeide, og da Niepsce døydde, heldt Daguerre fram på eiga hand. I 1837 lukkast han endeleg med sølvnitrat på ei polert koparplate og ei lukkartid på berre ti minutt. Bileta kalla han heliografar, «solskrift», men dei blei snart kjende som daguerreotypi.
Fotograf: Mathew B. Brady Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
I staden for å patentere oppfinninga, offentleggjorde han alle detaljar i 1839, som ei gåve «gratis til verda». Interessa var enorm. På berre nokre månader dukka det opp fotoatelier i byar i ei rekkje land.
Større linser og vidareutvikling av kjemien gjorde etter kvart lukkartida kortare. Men viss du synest at menneska på bileta frå denne tida verkar temmeleg stive, skuldast det at dei framleis måtte stå stille eit minutt eller meir før eksponeringa var ferdig. Det fanst eigne stativ som skulle halde armane og hovuda i ro.
Daguerreotypiet var som eit polaroidbilete, det blei berre eitt eksemplar av kvar eksponering. I byrjinga av 1850-åra blei det utvikla ein ny prosess der ein kunne ta fleire kopiar frå den same filmplata. Lukkartida var no redusert til under eit sekund. Bileta blei billigare og meir anvendelege. Rundt 1860 var det få fotografar igjen som brukte prosessen til Daguerre.
Lag ditt eige camera obscura
«Camera obscura» tyder «mørkt rom». Sjå korleis du med enkle middel kan gjere rommet ditt om til eit.
Fotografarbeid
Tintype var ei utvikling av den prosessen Daguerre fann opp, og spesielt populær i Amerika frå 1860-talet av. Her kan du sjå korleis heile prosessen gjekk føre seg, frå posering og lyssetting i studio til arbeidet i mørkerommet.
Leverandør: Google
Daguerre 224 år
Google heidra Louis Daguerre med ein doodle på den 224. fødselsdagen hans 18. november 2011.