Fotografiet blir digitalt

1969 1975 1990 1991 1992 1996 1991 1998
CCD-brikka, Boyle og Smith Prototype på digitalkamera, Sasson Photoshop 1.0 Kodak Professional DCS 100 JPEG-formatet Kodak DC20 Nikon D1 Nokia største kameraprodusent

Brikka som ser

Steven Sasson med digitalkamera

Fotograf: James Rajotte | Leverandør: NYT/Scanpix | CC (by nc sa)

Steven J. Sasson med prototypen på digitalkameraet frå 1975

Da ingeniøren Steven Sasson hos Kodak bygde det første digitalkameraet i 1975, ante han neppe at denne oppfinninga skulle bringe hans eige selskap på randen av konkurs.

Han brukte ei CCD-brikke, som var blitt utvikla nokre år tidlegare, til å gjere om biletet til elektriske impulsar som blei lagra på ein kassett. Oppløysinga var 100 x 100 pikslar, altså 0,1 megapiksel. Det tok 23 sekund å lagre det på kassetten, og like lang tid å spele det av til ein tv-skjerm. «Her trengst det meir arbeid», sa assistenten som var modell på det aller første biletet, da ho fekk sjå resultatet.

Kodak DCS-100

Fotograf: Adrian Holerga | Leverandør: Flickr

Kodak DCS 100 såg ute som eit vanleg spegelreflekskamera, men var kopla til ein svær boks som inneheldt skjerm, batteri og harddisk.

Kameraet blei aldri produsert for sal. Vi må over i 1990-åra før den digitale revolusjonen tek seg inn på fotomarknaden for alvor. Sentrale aktørar var Photoshop 1.0 som kom i 1990, og JPEG-formatet frå 1992 som gjorde det enklare å lagre og flytte bilete mellom kamera og datamaskinar, og kameraet Kodak Professional DCS 100.

DCS 100 kosta 13 000 dollar i USA, så til å byrje med var det mest profesjonelle fotografar som tok det i bruk. Det var ein uvurderleg fordel for pressefotografane at dei ikkje lenger behøvde å framkalle bileta, og dessutan kunne sende dei via modem når dei var på reportasjereise.

Kodak DC20

Fotograf: JeffGamble | Leverandør: Flickr

Kodak DC20 frå 1996

Kodaks DC20 frå 1996 blei inngangsbilletten for amatørfotografane. Oppløysinga var ikkje høgare enn 0,2 megapikslar, men det hadde eit minnekort som kunne lagre 8 eller 16 bilete avhengig av kvaliteten, det var så lite at ein kunne putte det i lomma, og det kosta under 300 dollar.

Den teknologiske utviklinga skapte biletbrikker med stadig høgare oppløysing, det såkalla megapiksel-kappløpet, som til slutt gjorde filmen overflødig. Alle dei store kameraprodusentane laga etter kvart digitale kamera.

Men den største kameraprodusenten i verda var i 1998 faktisk mobiltelefonprodusenten Nokia. To år seinare fanst det meir enn ein milliard mobiltelefonar med kamera, og salet av dedikerte fotoapparat byrja minke.

I januar 2012 var Kodak på randen av konkurs.

Nobelpris for biletbrikka

Digitale kamera hadde ikkje vore moglege utan biletbrikka, CCD. Ho blei oppfunnen av Willard Boyle og George E. Smith i 1969. 40 år seinare fekk dei Nobelprisen i fysikk for oppfinninga.

Her presenterer dei CCD-brikka i ein video frå 1978.

Slik blir eit digitalkamera laga

Gjennom denne filmen som syner korleis eit moderne digitalkamera blir produsert, får du også ei forståing av korleis det fungerer.