Fotografiet blir allemannseige

1880+ 1880+ 1884 1888 1900 1935 1963
Celluloidfilmen Magnesium blitslampe George Eastman startar Kodak Corporation Kodak No. 1: «You press the button, we do the rest» Brownie-kameraet Kodak Instamatic Kodachrome

«You push the button…»

Annonse for Kodaks originale kamera

Leverandør: Oxford Science Archive / Scanpix | CC (by nc sa)

Annonse frå 1893 for det originale Kodak-kameraet.

«Du trykkjer på knappen, vi gjer resten.» Kodaks slagord frå 1888 er blitt ståande som eit av dei mest kjende i reklamehistoria.

Kameraet såg ut som ei avlang øskje med ei linse i den eine kortenden. Det hadde ingen innstillingsmoglegheiter, alt ein gjorde var å rette det mot motivet og trykkje på utløysaren. Når filmen var slutt, sende ein heile greia til Kodak og fekk dei hundre sirkelrunde bileta i retur saman med eit nytt kamera.

Det var rullefilmen som gjorde det mogleg. Inntil da hadde fotografane brukt negativ på store glasplater. Med rullefilmen, først på papir og snart på gjennomsiktig celluloid, kunne fotoapparata gjerast mindre og meir lyssterke, og stadig enklare å bruke. Da Kodak lanserte Brownie-kameraet i 1900, som berre kosta éin dollar, blei fotografering noko kven som helst kunne drive med. Augneblinksbiletet var skapt.

Kodak kunne selje fotoapparata så billig fordi dei hadde gode inntekter på film og framkalling. I 1935 lanserte dei fargefilmen Kodakchrome. Da dei var på høgda i 1976, leverte dei 90 % av all film og 85 % av alle kamera (ikkje minst Instamatic frå 1963) som blei selde i USA. Den populære artisten Paul Simon song om «Kodakchrome». I leksikon kan du enno finne omgrepet «Kodak moment» som nemning for ein minneverdig augneblink.

Den siste rullen med Kodachrome blei produsert i 2009. Kva var skjedd?

Heilt riktig. Digitale kamera. Dei fleste augneblinksbileta blir ikkje ein gong tekne med eit fotoapparat lenger, men med ein mobiltelefon.

Eit morosamt poeng er den nostalgiske bølgja som har dukka opp. Instagram og andre appar filtrerer dei digitale bileta du tek med mobiltelefonen, slik at dei ser ut som falma papirbilete frå albuma til besteforeldra dine.

Kodak No.1

Fotograf: Kodakcollector | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Kodak No. 1

Slik såg det ut når du opna øskja frå Kodak.

Bilde tatt med Kodak No. 1

Fotograf: George Eastman | Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Trendy

Kule menneske på stranda. Biletet er teke av Kodaks grunnleggjar, George Eastman, med eit Kodak No. 1 kamera i 1888.

Sjå fleire autentiske bilete her.

Kodak Brownie

Fotograf: Leverandør: Oxford Science Archive / Scanpix | CC (by nc sa)

Folkeeige

Britisk annonse for Kodaks Brownie-kamera frå 1900