Fotojournalistikken blomstrar
1890 | 1930+ | 1936 | 1936 | 1936 | 1945 | 1972 |
---|---|---|---|---|---|---|
Jacob Riis: «How the Other Half Lives» | Fotografar blir engasjerte for å vekkje sosialt samvit | Dorothea Lange: «Migrant Mother» | «Life Magazine» | Robert Capa: «Fallande soldat» | Joe Rosenthal: «Erobringa av Iwo Jima» | Nick Ut: «Barn flyktar frå heimane sine» |
Augnevitne til store hendingar
«Å sjå livet, å sjå verda; å vere augnevitne til store hendingar; å betrakte ansikta til dei fattige og faktene til dei stolte; å sjå underlege ting – maskinar, hærar, menneskemengder, skuggar i jungelen og på månen; å sjå bedriftene til mennesket … å sjå og nyte det å sjå …»
Det var manifestet til biletebladet «Life» da det kom ut med første nummer i 1936. Det hadde 50 sider i veka med bilete tekne av dei beste fotografane verda over. I ei verd utan tv og med aviser som framleis inneheldt mest tekst, blei det suksess med ein gong.
Men konkurransen med dei levende bileta blei etter kvart for hard. Etter 1972 har utgivinga variert, og det kjem i dag ut berre ved spesielle høve. Du kan sjå heile biletarkivet på Google Images og alle utgivingane fram til 1972 på Google Books.
Rullefilmen og ikkje minst blitzlyset, som blei oppfunne i 1880-åra, sette fotografane i stand til å komme mykje tettare også på livets mørke sider. Den danskfødde fotografen Jacob Riis gav i 1890 ut boka «How the Other Half Lives» med fotografi frå slumområda i New York. Bileta gjorde eit stort inntrykk på folk, og førte til nye lover og reguleringar.
Det viste seg fort at fotografiet hadde ein sterk verknad på samvitet og empatien til menneska. Under den store depresjonen i USA i 1930-åra blei fotografar sende på kryss og tvers i dei hardast ramma områda for å dokumentere og vekkje ein opinion for sosial reform. Fotografiet er blitt brukt med stor verknad i borgarrettskampen i USA, av miljørørsla, og i kampen for større rettferd mellom den rike og den fattige delen av verda.
Det er også fotografane som har teke krigane heim til folk. Somme krigar og konfliktar er nærmast fortetta i bilete vi hugsar, som for eksempel Nick Uts foto av den nakne jenta på flukt frå eit napalmåtak under Vietnamkrigen.
Fotojournalistane konkurrerer om å ta dei sterkaste scenene frå verdas konfliktar og katastrofar heim til oss. Dei vekkjer engasjement og empati. Men somme fryktar at den uendelege biletstraumen over tid vil gjere oss mindre kjenslege.
Ikoniske pressebilete
Fotograf: Robert Capa | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)
Den spanske borgarkrigen
Robert Capa frå den spanske borgarkrigen, 1936
Fotograf: Joe Rosenthal | Leverandør: akg-images/Scanpix | CC (by nc sa)
Andre verdskrigen
Joe Rosenthal frå den andre verdskrigen, 1945
Fotograf: Nick Ut | Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)
Vietnamkrigen
Nick Ut frå Vietnamkrigen, 1972
Historia bak biletet
Hør Nick Ut fortelje historia bak biletet som han vann Pulitzerprisen for.
Korleis det gjekk med jenta på biletet kan du sjå her.