Fotografiet blir manipulert

1840 1860+ 1930+ 1982 1994 2003 2012
Første manipulerte fotografi: falskt sjølvmordsoffer Mumlers åndefotografering Stalins historieforfalskingar «National Geographic» flyttar pyramidane «Time Magazine» bruker fargejustert bilete av O.J. Simpson Manipulert pressebilete trykt i «LA Times» Manipulerte bilete av orkanen Sandy

Kan vi tru våre eigne auge?

Den erfarne krigsfotografen Brian Walski fekk i 2003 sparken i avisa Los Angeles Times. Grunnen? Han hadde sett saman element frå to eksponeringar for å betre komposisjonen i eit bilete.

Fotografi av Mary Lincoln med hennes manns gjenferd

Fotograf: William H. Mumler | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Mary Lincoln med gjenferdet av mannen sin

Manipulering med bilete har ei lang historie. Åndefotografering var ein eigen sjanger på 1800-talet. Avdøde personar blei dobbelteksponerte med bilete av levande menneske. Forfattaren av bøkene om Sherlock Holmes, sir Arthur Conan Doyle, var ein av dei mange som blei lurt.

Den forsvunne komissæren

Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Etter at Nikolaj Jesjov (til høgre for Stalin) blei avretta i 1940, blei han også fjerna frå dette bildet.

I Sovjetunionen var det vanleg at kjende menneske blei retusjerte bort frå historiske bilete etter kvart som dei fall i unåde hos Stalin og blei avretta.

Den digitale teknikken har gjort det enklare å manipulere bilete, og vanskelegare å avsløre det. Eit tidleg tilfelle var da magasinet «National Geographic», kjent for sin spektakulære fotojournalistikk, flytte to pyramidar tettare saman for at dei skulle ta seg betre ut som framsidebilete.

OJ Simpson på forsiden av Newsweek og Time

Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Framsidene til nyheitsmagasina «Newsweek» og «Time»

Verre var det da den kjende idrettsmannen O.J. Simpson i 1994 blei skulda for å ha drepe kjærasten sin. Begge dei to nyheitsmagasina «Newsweek» og «Time» valde å bruke «mugshot»-biletet frå politiet på framsida. Da dei stod side ved side i aviskioskane, var det lett å sjå at «Time» hadde falle for freistinga til å manipulere biletet slik at den mørkhuda Simpson så mykje meir skurkaktig ut enn han gjorde i «Newsweek».

No som folk kan photoshoppe bilete sjølve, florerer det av manipulerte bilete også på sosiale medium. Under stormen Sandy på austkysten av USA i oktober 2012 la nyheitsbloggenThe Atlantic Wire ut ein gjennomgang av nokre av dei falske bileta, som også kunne følgjast under ein eigen søkjetag på Twitter, #FakeSandy.

Illusjonen av verkelegheit har gitt pressefotografiet eit høgt truverde blant publikum. Når bilete blir juksa med, er det ikkje berre biletet som blir manipulert, men vi som ser dei også. Derfor får fotografane sparken. Og vi må venje oss til å vere kritiske også til det vi ser på fotografi.

Ekte eller falsk?

Sjå nokre av dei falske – og nokre av dei ekte – bileta som sirkulerte på sosiale medium under orkanen Sandy i 2012.

Museum of Hoaxes

Leverandør: Museum of Hoaxes

Biletbløff

Vil du sjå fleire eksempel på biletbløffar gjennom tidene, kan du ta ein titt på Museum of Hoaxes.