Fotojournalistikken blir til
1839 | 1844 | 1848 | 1855 | 1860 | 1861-65 | 1862 |
---|---|---|---|---|---|---|
Mathew Brady lærer fotografering av Samuel Morse | Brady opnar portrettstudio på Broadway | Ukjend fotograf tek bilete under den meksikansk-amerikanske krigen | Roger Fenton fotograferer Krimkrigen | Brady fotograferer Abraham Lincoln | Brady fotograferer den amerikanske borgarkrigen | Brady stiller ut bilete frå krigen i New York |
Historia sitt auge
Det var lite som røpte at den einsame, blinde mannen som var blitt påkøyrd av ein trikk og døydde blakk som ei kyrkjerotte på eit hospital i New York ein januardag i 1896, var ein av dei mest kjende fotografane i hundreåret.
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Mathew Brady studerte til målar da han i New York i 1839 møtte Samuel F.B. Morse, seinare kjend som oppfinnaren av telegrafen. Morse hadde nettopp komme tilbake frå Paris, der han hadde blitt kjend med Louis Daguerre. På båten heim hadde han skapt morsealfabetet. No samla han ei gruppe kunstnarar rundt seg og lærte dei fotografering, mens han prøvde å finne pengar til å gjere ferdig den store oppfinninga.
Fotograf: Mathew Brady Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
I 1844 opna Brady eit portrettstudio på sjølvaste Broadway. Snart byrja han å utmerke seg i konkurransar med daguerreotypia sine. Han hadde også talent for marknadsføring. I 1856 rykka han inn det som blir rekna som den første moderne annonsen nokon gong, i «New York Herald». Mange kjende menneske fann vegen til Bradys studio. I 1860 fotograferte han presidentkandidaten Abraham Lincoln. Det blei det mest kjente biletet i valkampen, og Lincoln vann.
Brady er elles mest kjend som mannen som fotograferte den amerikanske borgarkrigen. I 1861 fekk han løyve av presidenten til å reise, under føresetnad av at han finansierte prosjektet sjølv. Det var mange som åtvara han. Men sjølv sa han: «Eg måtte gå. Ein ånd talte i føtene mine og sa «Gå!», og eg gjekk.»
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Han kom seg så nær fronten at han ein gong nesten blei teken til fange av fienden. Etter kvart tilsette han eit tjugetals andre fotografar, utstyrte dei med mobile mørkerom, og sende dei ut for å ta bilete.
Mykje av det vi veit i dag om den amerikanske borgarkrigen, kjem frå dei tusenar av bilete som Brady fekk teke. Mange av dei syner lika på slagmarka. Utstyret var enno ikkje så godt at dei kunne fotografere sjølve trefningane. Sjokkerte newyorkarar strøymde til da bileta blei viste på ei utstilling i 1862. Det var første gongen vanlege folk kom så tett innpå den gruelege krigsrøyndomen.
Brady var rett nok ikkje den første krigsfotografen. Det finst bilete tekne i den meksikansk-amerikanske krigen i 1848 av ein ukjent fotograf. Og briten Roger Fenton blei send med troppane for å fotografere Krimkrigen i 1855.
«Ingen kjem nokon gong til å forstå kva eg gjekk gjennom», sa Brady seinare. «Nokre av dei negativa kosta meg nesten livet.» Men da krigen var slutt, hadde folk flest fått nok og ville helst gløyme heile greia. Brady hadde brukt meir enn 100 000 dollar på dei over 10 000 bileta som var tekne, og han hadde rekna med at regjeringa ville kjøpe dei. Men det ville regjeringa ikkje. Han måtte selje atelieret sitt og gjekk konkurs. Negativa var nær ved å gå tapt.
Men han hadde levd opp til sine ideal. «Kameraet er historia sitt auge», sa han. «Frå første stund så eg på det som ei plikt overfor landet mitt å ta vare på ansikta til mennene og kvinnene frå historia.»
Den amerikanske historikaren James D. Horan reknar han som far til fotojournalistikken.
Scener frå den amerikanske borgarkrigen
Da Brady stilte ut bileta i New York i 1862, var det første gongen vanlege folk kom så tett på det grufulle ved krigen.
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Fort Richardson, Virginia
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Såra soldatar ved ei forlaten stilling
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Tre skotne i filler av artilleri
Fotograf: Mathew Brady | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions
Falne sørstatssoldatar i skyttargravene ved Fort Mahone
Mathew Bradys visjon
Ein kort dokumentar om fotojournalistikkens far.