Fotografiet blir kunst
1859 | 1862 | 1870 | 1884 | 1892 | 1902 | 1932 |
---|---|---|---|---|---|---|
Fotografi tillatne på Parisarsalongen | Ein serie rettssaker om opphavsrett for fotografi | Copyright Act vernar også fotografi | Rettssak i USA om kopiering av portrett av Oscar Wilde | Klubbar for piktoralistar danna i London, Wien og Paris | Magasinet «Camera Work», Stieglitz og Steichen i New York | Group f/64 på vestkysten av USA, Straight Photography |
Teknikk eller kunst?
Visste du at diskusjonen om piratkopiering gjekk akkurat like heftig for 150 år sidan som han gjer i dag? Når det dukkar opp ny teknologi, passar nemleg ikkje alltid dei gamle lovene lenger. Den nye teknologien i 1860-åra var naturlegvis fotografiet.
Alle var einige om at eit måleri, for eksempel eit portrett av ein høgtståande person, var eit åndsverk, og at ingen kunne trykkje opp kopi av det og selje dei utan godkjenning frå kunstnaren. Klart, for det var jo kunst. Men kva da når portrettet var laga av eit apparat? Kunne eit fotografi også vere kunst?
Dei fleste kunstmålarane såg ned på fotografane og rekna dei som simple handverkarar. Ikkje så rart kanskje, når ein målar måtte arbeide i vekevis med å prøve å få eit bilete så likt motivet som mogleg, mens ein fotograf kunne gjere det heile unna på nokre minutt. Da fotografi etter mykje press endeleg blei tillate på den store, årlege utstillinga av samtidskunst i Paris, Parisarsalongen, måtte dei som ville sjå dei, gå inn gjennom bakdøra.
Mange fotografar opplevde at trykkjeri reproduserte bileta deira utan lov og tente gode pengar på dei. Spesielt bilete av berømte menneske var det ein marknad for. I 1862 kom problemet opp for domstolar både i Frankrike og Storbritannia, og nokre år seinare i USA. Utfallet blei at fotografane i alle land fekk i det minste ein viss grad av vern.
Somme fotografar blei temmeleg støytte av den snobbete haldninga til kunstmålarane i Paris. Dei ville vise at også eit fotografi kunne vere høgverdig kunst. Det blei til ei retning som spreidde seg til fleire land, og som blei kalla piktorialisme. Piktorialistane laga fotografi prega av draumeaktige visuelle effektar og kunstnariske poseringar. Andre laga superrealistiske «objektive» bilete der geometriske former og stor djupneskarpleik dominerte. Den samlande ideen var at dei ville gjere også fotografiet til eit medium for individuelle uttrykk.
Illustratør: Joseph Ferdinand Keppler | Leverandør: Library of Congress Prints and Photographs Division | No known restrictions/Wikimedia Commons | CC (by sa)
Piratforleggjaren
Det var ikkje berre fotografane som leid under manglande vern. Før 1911 hadde utanlandske verk dårleg rettsvern. Her er det kjende forfattarar som klandrar forleggjaren som gjer ut verka deira utan deira samtykke.
Ein av forfattarane i bakgrunnen er Bjørnstjerne Bjørnson.
Fotograf: Edward Steichen | Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)
Piktorialisme
Piktorialistane ville vise at også eit fotografi kunne vere høgverdig kunst. Her er Bygninga Flat Iron fotografert ein fuktig ettermiddag i 1905 av Edward Steichen