Fjernsynet blir til

1907 1925 1928 1929 1936 1939
«Foto-telegraf», ein slags telefaksmaskin: Arthur Korn Elektromekanisk fjernsyn: John Logie Baird Heilelektronisk fjernsyn: Philo Farnsworth og Vladimir Zworkyn Regelmessige prøvesendingar: Baird i samarbeid med BBC BBC Television «Fødselen til fjernsynet»: David Zarnoff i RCA på verdsutstillinga i New York

Dei mange fjernsynsfødslane

Da kong Olav V opna den første offisielle fjernsynssendinga i Noreg 20. august 1960, var mediet allereie gammalt. Men akkurat kor gammalt, er det ikkje så lett å bli einige om. Mediet som førte verda saman til ein global landsby, blei nemleg sjølv utvikla globalt.

Bilde fra Bairds fjernsyn

Fotograf: Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Tv-bilete frå John Logie Bairds fjernsyn. Oppløysinga var 30 linjer, og det klarte å overføre fem bilete pr. sekund. Sendingane gjekk på mellombølgja, og på Vestlandet var det fleire som hadde mottakarar og kunne sjå dei.

Allereie i 1925 klarte skotten John Logie Baird å sende rørlege bilete gjennom lufta i eit varehus i London. Han fekk etter kvart i gang prøvesendingar i samarbeid med BBC. To sendarar måtte til, ein til bilete og ein til lyd. Til å begynne med hadde han berre den eine, så dei første seks månadene bestod sendingane av to minutt bilete og to minutt lyd etter kvarandre.

Baird, og andre oppfinnarar i USA, Russland og Japan, brukte mekaniske delar saman med elektronikk i apparata sine. Den første som kunne vise fram eit heilelektronisk system, var amerikanaren Philo Farnsworth i 1928. Han hamna i ein patenttvist med RCA der Vladimir Zworykin hadde utvikla eit liknande system. Farnsworth vann saka, og er blitt ståande som den siste av dei store oppfinnarane som heilt på eiga hand utvikla banebrytande ny teknologi.

David Sarnoff introduserer fjernsynet

Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

RCA-sjefen David Sarnoff i den første fjernsynsendinga frå verdsutstillinga i 1939.

«Fødselen til fjernsynet» blei annonsert med brask og bram i 1939 på verdsutstillinga i New York, sjølv om BBC da hadde hatt regelmessige sendingar i tre år. Sjølvaste president Franklin D. Roosevelt talte på skjermen. Publikum kunne prøve seg framfor kameraa, og RCA viste fram dei nye mottakarapparata sine, der nokre modellar måtte kombinerast med ein radio om ein ville høyre lyd saman med bileta.

Utviklinga fekk ein brå stopp da den andre verdskrigen braut ut. I dei krigsramma landa hadde folk anna å tenkje på, og ingeniørane trengtest til å utvikle radar og annan militær teknologi. «Eg trur eg kyssar deg no», var dei siste orda som gjekk på lufta før sendaren i London blei slegen av 1. september 1939. Den som fekk kysset, var Mikke Mus.

Men folk hadde fått ein forsmak, og da krigen var slutt, eksploderte interessa. I USA steig produksjonen av tv-apparat frå 178 000 i 1947 til 15 millionar fem år seinare. Halvparten av alle amerikanske heimar hadde ein tv i 1955. I Storbritannia voks talet på lisensar frå knapt 15 000 i 1947 til over ein million i 1951, og 3,2 millionar i 1954. Også i Frankrike og Sovjetunionen breidde tv-antennene seg ut over hustaka.

Det første fjernsynet

John Logie Baird demonstrerer sjølv fjernsynet sitt i denne filmavisa. Han brukte roterande skiver med linser og spalter for å skanne biletet.

Eit BBC-program frå 1936

Sjå ein rekonstruksjon av eit fjernsynsprogram frå 1936. Det er filma med Bairds 30-linjers kamera. Musikken er frå det originale programmet.

Fjernsynet blir fødd i Amerika

RCA presenterte fjernsynet for amerikanarane på verdsutstillinga i New York i 1939. Her er ein introduksjon til det nye mediet produsert av RCA same året.

«Television is here again»

BBC stengde fjernsynssendingane under krigen. Her kan du sjå programmet som opna dei igjen i 1946.

Klikkar du deg litt rundt, får du ein gjennomgang av teknologien dei brukte, og nokre tidstypiske programformat.

Programmet består av sju delar.