Politikk på fjernsyn

1952 1952 1960 1964 2012
Fjernsynsreklame brukt for første gong i amerikansk valkamp Presidentkandidaten Richard Nixon kjøper tv-tid for å tilbakevise skuldingar om korrupsjon Nixon taper for Kennedy, mange meiner fordi han gjer ein dårleg figur i tv-debatt Første negative politiske tv-reklame: Lyndon B. Johnson mot Barry Goldwater 91 % av Mitt Romneys 562 664 tv-reklamar til 492 millonar dollar er negativt vinkla

«Vi morar oss til døde»

Obama og Romney i tv-debatt

Fotograf: Eric Gray | Leverandør: AP/Scanpix | CC (by nc sa)

Mitt Romney møter Barack Obama i den første tv-debatten i valkampen 2012. Dei fleste meinte Obama gjorde ein dårleg figur, og han sleit med å ta igjen det tapte.

Washington Post har samla tv-reklamane fr valkampen her.

492 millionar dollar brukte Mitt Romney på tv-reklame da han kjempa om å vinne valkampen mot Barack Obama i 2012. Obama svidde av 404 millionar. Heile 80 % av kampanjebudsjetta til kandidatane blei brukt på tv. I tillegg samla dei tre tv-debattane til saman 192 millionar sjåarar. Det er altså ingen tvil om at fjernsynet speler ei viktig rolle i den amerikanske valkampen.

I presidentvalet i 1960 møttest kandidatane for første gongen til debatt på tv. 70 millionar sjåarar følgde sendinga. Nixon kom rett frå eit to vekers sjukehusopphald og hadde avslege å bli sminka. Skjeggstubbane syntest i det skarpe lyset, og han verka utilpass. Den unge demokratiske kandidaten, John F. Kennedy, var sommarbrun og roleg. Dei som følgde debatten på radio, meinte etterpå at Nixon hadde vunne, men tv-sjåarane heldt Kennedy som den beste. Forskarane er ueinige om det hadde nokon reell innverknad på valutfallet. Men hendinga viste at som følgje av tv-mediet blei det visuelle inntrykket ein viktig faktor også i politikken.

Neil Postman

Leverandør: akg-images/Scanpix | CC (by nc sa)

Medievitaren og mediekritikaren Neil Postman

Den amerikanske medieprofessoren Neil Postman har skrive om korleis overgangen frå ein skriftbasert til ein biletbasert kultur har endra den offentlege samtalen. På 1800-talet kunne folk møte fram i hopetal for å høyre ein politikar argumentere i ein time eller to for politikken han ville føre. I 1962 tapte Nixon for Kennedy i presidentvalet blant anna fordi han ikkje såg bra ut på tv-bileta.

Politiske val liknar i vårt biletbaserte mediesamfunn meir og meir på popularitetskonkurransar, og uvesentleg kjendisstoff og underhaldning fyller stadig større del av nettavisene. «Vi morar oss til døde», spissformulerte Postman.

Første politiske tv-reklame

Eisenhower var den første amerikanske presidentkandidaten som tok i bruk tv-reklame i valkampen. Produsert av Disney, som du sikkert kan sjå. Ikkje mykje skittkasting her!

Overtaling eller manipulering?

Richard Nixon var visepresidentkandidat for republikanarane ved valet i 1952. Ei av fanesakene hans var kampen mot offentleg korrupsjon. Derfor vakte det stor oppsikt da det blei påstått at han sjølv levde høgt på hemmelege gåver frå velståande kontaktar.

Skuldingane blei så problematiske at kandidaturet hans stod i fare. Da kjøpte han ein halv time på tv og radio i beste sendetid og vende seg direkte til veljarane.

Gåvene var lovlege, forklarte han. Ingen av givarane kravde noka form for motytingar. Alle pengane gjekk til valkampen, ikkje ein dollar til privat luksus. Bare ei einaste gåve hadde han nokon gong teke imot privat. Det var ein liten hund som heitte Checkers, som han hadde teke med heim til barna. Og den kom han til å behalde.

60 millionar amerikanarar høyrde talen, som resulterte i ein flaum av støtte. Eisenhower og Nixon vant valet. Men somme var uroa over korleis det nye mediet kunne nyttast til å manipulere ein opinion.

Kennedy—Nixon

Gjorde Nixon eit dårleg inntrykk? Sjå videoen frå debatten og døm sjølv.