Krig på fjernsyn
1962-75 | 1983 | 1991 | 2003-11 | 2011- |
---|---|---|---|---|
Vietnamkrigen: «krigen i stova», tapt på grunn av media? | Invasjon på Grenada: sivile medium utestengt | Golfkrigen: strenge grenser for arbeidet til journalistane, men CNN sender live | Irakkrigen: journalistar blir inviterte med troppane, men må akseptere avgrensingar. | Borgarkrigen i Syria: media utestengt, men bilete blir sende ut med mobiltelefonar |
Krigen i stova
«Den verste fienden vi har, ser ut til å vere pressa», sa president Richard Nixon i 1971. Dagleg bringa fjernsynet det gruelege ved Vietnamkrigen heim i stovene til folk. Oppslutninga om krigen sokk som ein stein etter at tv-kanalane byrja antyde at han ikkje ville vere mogleg å vinne.
USA tapte først mediekrigen, er det blitt sagt. Deretter tapte dei Vietnamkrigen. Seinare forsking har rett nok vist at saka kan vere meir komplisert enn som så. Men det er liten tvil om at fjernsynet var i ferd med å bli det mediet som sterkast påverka den offentlege meininga.
Tv-bileta er så sterke fordi vi oppfattar dei som verkelegheit. Vi gløymer lett at dei berre viser eit utsnitt av verkelegheita, og at vi kanskje tolkar dei feil.
Kanskje hugsar du bileta av jublande irakarar som velta ein kjempestatue av Saddam den dagen amerikanarane hærtok Bagdad. Nyheitskanalane tolka dei som ei storhending som markerte den endelege sigeren til amerikanarane, og sende dei om og om igjen med få minutts mellomrom.
I verkelegheita bestod folkemengda berre av nokre få hundre på det meste, mange av dei journalistar og soldatar. Andre stader i byen var det motstand og plyndring som ikkje blei rapportert, men som var mykje meir i samsvar med krigen som følgde. Her kan du sjå journalisten Peter Maass’ forteljing om kva som verkeleg hende på Firdosplassen den dagen.
Vietnamkrigen
Eit nyheitsinnslag frå CBS i september 1969 med Walter Cronkite
Invasjonen i Irak 2003
CNN hadde reporter på bakken da koalisjonsstyrkane hærtok Baghdad i 2003. Her er ei sending frå mars 2003.
Folk elskar fridom!
HHøyr dei ekstatiske kommentarane til bileta frå Firdos Square, her frå BBC News. Men kva var det som eigentleg hende?