Amerikansk fjernsyn: kommersielt

1951 1955 1955 1958 1961 1967
«I love Lucy», kanskje periodens mest populære underhaldningsprogram «Gunsmoke», den lengste amerikanske dramaserien nokon gong Høyringar i Senatet om fjernsynets negative innverknad på ungdommen Triksing i kunnskapskonkurransar avslørt, dei rasar på sjåarmålingane Newton Minow i FCC karakteriserer fjernsynstilbodet som «a vast wasteland». Allmennkringkastaren PBS, delvis finansiert av det offentlege

«Ei enorm øydemark»

Familie foran tv-en i 1950-årene

Fotograf: H. Armstrong Roberts | Leverandør: H. Armstrong Roberts / CORBIS / Scanpix | © All Rights Reserved

Ein familie ser på tv i 1950-åra. Men innhaldet var ikkje mykje å skryte av ifølgje kritikarane.

Kunnskapskonkurransar, familiekomediar heilt utan truverde, blod og tore, kaos, vald, sadisme, mord, westernskurkar, westernheltar, privatdetektivar, gangstarar, meir vald, og teiknefilmar. Uendeleg mykje reklame. Og mest av alt, keisemd.

Slik skildra Newton Minow ein typisk amerikansk tv-dag i 1961. Ei enorm øydemark, «a vast wasteland», spissformulerte han. Minow var leiar av FCC, medievaktbikkja til den amerikanske regjeringa, og ønskte seg meir folkeopplysning i tv.

Reklamekronene strøyma nemleg til det nye mediet, og 1950-åra blei på mange måtar ein gullalder for amerikansk tv-produksjon. Edvard R. Murrow, Walter Cronkite og andre radiostjerner frå krigstida flytte over i tv og bygde opp nyheits- og aktualitetsprogram. Dei populære radiohøyrespela blei omdanna til tv-seriar. Westernserien «Gunsmoke» («Krutrøyk» på NRK frå 1969–1974) begynte på radio i 1952, gjekk på tv frå 1955–1975 og blei med dei 635 episodane sine den lengste dramaserien nokon gong. Ein annen attraktiv programtype overteken frå radioen var kunnskapskonkurransane, som også sette norske tv-sjåarar på hovudet da NRK sende «Kvitt eller dobbelt» i 1960-åra.

Lucille Ball og Desi Arnaz signerer kontrakt til 8 millioner dollar

Leverandør: Bettamnn/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Lucille Ball og Desi Arnaz frå tv-showet «I love Lucy» signerer ein kontrakt på åtte millionar dollar. Det var i 1953 den dyraste kontrakten nokon gong i tv. Showet låg høgast på målingane med 43 millionar sjåarar. I bakgrunnen blant anna ein representant frå sigarettprodusenten Philip Morris som sponsa programmet.

Men det skulle vise seg at reklamefinansieringa hadde ei bakside i fjernsynet akkurat som i radioen.

Reklameinntektene på eit program er avhengig av kor mange som ser på, den såkalla sjåarmålinga eller ratinga. Og det var ikkje nødvendigvis kvalitet som trekte sjåarane til seg. Dessutan var kvalitetsprogramma ofte dyre å produsere. Finansieringsmodellen førte derfor til at store mengder billige, masseproduserte program som såpeoperaer og kunnskapskonkurransar fylte det meste av sendeflata.

Noen produsentar lét seg freiste til å ta ureielege metodar i bruk for å trekkje til seg sjåarar. Dei største kunnskapskonkurransane kunne ha opptil 64 000 dollar i premie, og mange av deltakarane blei kjendisar. Det blei ein stor skandale da granskingar viste at fleire konkurransar var rigga, og resultatet bestemt på førehand. Sjåaroppslutninga sokk som ein stein, og mange show blei kansellerte.

Tv-marknaden i USA var lenge delt mellom dei kommersielle nettverka ABC, CBS og NBC (pluss Fox frå 1986). I 1967 blei det oppretta ein allmennkringkastar, nettverket PBS, som blir finansiert av offentlege løyvingar og gåver frå sjåarar og næringsliv. Det er her den populære barneserien «Sesame Street» blir produsert.

«21»

Klipp frå ein episode av spørjeprogrammet «21» frå 1957. Dette programmet var eit av dei som var rigga. Herb Stempel blei hjelpt av showets produsent til å vinne nesten 70 000 dollar. Da han blei sett opp for å tape, gjekk han ut offentleg og fortalde kva som gjekk føre seg.

Det viste seg snart at praksisen var utbreidd. Det blei ein stor skandale, sjåartala fall dramatisk for spørjeprogramma, og kongressen vedtok ei lov mot fiksing av spørjeprogram på TV.

Reklame

Eit stort utval tv-reklamar frå 1950- og 60-åra.

«Krutrøyk»

Westernhelten John Wayne introduserer første episode av den populære westernserien «Gunsmoke», som også gjekk på norske skjermar.

«I love Lucy»

Ei scene frå den populære situasjonskomedien «I love Lucy».