Sorg på fjernsyn

1963 1997 2001 2004 2005 2011 2012
President Kennedy skoten i Dallas Prinsesse Diana døyr i ulukke i Paris 9/11. Al Qaida styrtar to passasjerfly i World Trade Center, New York Tsunami i Thailand Orkanen Katrina i New Orleans Bombe i regjeringskvartalet og massedrap på Utøya Massedrap på Sandy Hook barneskole i Newtown, Connecticut

Seremonimeisteren

President Kennedys begravelse

Fotograf: Gary Haynes | Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Sørgjande menneskemengder følgde president Kennedy til grava.

Folk stod tett på fortaua og jubla mot følgjet som køyrde gjennom Dallas sentrum den 22. november 1963. Frå ein open bil vinka den unge presidenten og hans populære First Lady tilbake. Plutseleg kunne ein høyre skott. Presidenten rykte til og fall saman mot Jacqueline. Bilane raste av garde til nærmaste sjukehus, men det var lite å gjere. Ein halv time seinare var president Kennedy erklært død.

I tv-selskapet CBS fekk Walter Cronkite høyre om skotta mens han åt lunsj. Han var ein av dei reporterane som var blitt berømt for radioreportasjane sine frå krigen i Europa, og var no ein svært respektert ankermann i tv-nyheitene. Ei meiningsmåling hadde kåra han til den mest truverdige mannen i Amerika. Utan manus gjekk han på lufta og fortalde om den forferdelege hendinga. Da han ein time seinare måtte gjere kjent at presidenten var død, blei røysta grautete, og han måtte stanse for å tørke bort nokre tårar.

Enorme sjåarmengder samla seg rundt fjernsynsapparata, ikkje berre i USA, men også i Europa der den nye satellitteknologien gjorde det mogleg å overføre hendingane direkte. «Inntil da hadde tv vore eit teater eller ein stadion», var det ein som sa. «Plutseleg blei det eit slags kapell der amerikanarane kunne halde Cronkite i handa. Han var anker og prest for alle.»

Prinsesse Dianas begravelse

Fotograf: Michael Crabtree | Leverandør: Reuters/Scanpix | CC (by nc sa)

Store menneskemengder følgde prinsesse Dianas gravferd på ein svær tv-skjerm i Hyde Park.

Det skulle ikkje bli ei einskildståande hending. Fjernsynet har vist seg å ha ein heilt spesiell evne til å samle eit folk i sorg. Britane opplevde det da lady Diana døde. Sjølv opplevde du det ganske sikkert i dagane etter tragediane i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. I to–tre veker etterpå var media prega av forteljingane til dei etterlatne, dei skadde, redningsmannskapar og politi. Dei dekte rosetog, minnestunder og gravferdsseremoniar. Reporterane viste eigne kjensler. For ei stund la media si vanlege konfliktorienterte og granskande rolle til side og fungerte som ein samlande nasjonal seremonimeister, ein sekulær prest. Fjernsynet spegla sorga til folket.

Attentat på ein president

Her kan du sjå to timar uklipt opptak frå CBS den dagen Kennedy blei skoten.

Spol til 17:42 for å høyre den første nyheitsbulletinen.

Frå 30:10 blir det sendt levande bilete frå nyheitsredaksjonen med Walter Cronkite. Situasjonen er enno uavklart.

Den offisielle meldinga om at presidenten er død, kjem ved 1:06:40.

Ei prinsesse døyr

Prinsesse Diana døyde av skadane ho fekk i ei bilulukke i Paris den 31. august 1997. Følg sendinga på BBC da det blir kjent at hun er død.