Satellittfjernsyn

1962 1969 1980 1980 1996 2010
Kommunikasjonssatellitten Telstar 1, direkte tv-sending over Atlanterhavet Månelandinga, Apollo 11 UNESCO-rapporten «Many Voices, One World» CNN, nyheiter døgnet rundt Al Jazeera, sender 24 timer i døgnet frå 1999 IP-TV, fjernsynsprogram blir strøyma over nettet

Den globale landsbyen

Bildet på skjermen var ikkje akkurat i HD. Ein grå skugge bevegde seg ved foten av noko som kunne sjå ut som ein stige. Flekkar av kvitt, skarpt lys flimra mot ein mørk bakgrunn. Ei uklar røyst: «It’s one small step for man, one giant leap for mankind.» Likevel sat 600 millionar menneske klistra til tv-skjermane over heile jorda, det største publikummet til da i det som var i ferd med å bli ein global landsby, ei verd der alle snakka om det same samtidig.

Da Apollo 11 landa på månen sommaren 1969, var det allereie sju år sidan den første tv-sendinga blei send samstundes på begge sidene av Atlanterhavet. Det var dei nye kommunikasjonssatellittane som gjorde det mogleg. Telstar blei sett i drift sommaren 1962. Dei aller første direkteoverførte bileta var av fridomsstatuen i New York og Eiffeltårnet i Paris. Sendinga inneheldt elles diverse sportsinnslag og ein pressekonferanse med president Kennedy.

I 1980-åra blei det laga eigne tv-kanalar med bestemte typar innhald som berre blei sende via satellitt, anten til lokale kabelnett eller direkte til private parabolantenner. CNN sende nyheiter døgnet rundt, og MTV musikkvideoar.

Parabolantenner i Kairo

Fotograf: Philippe Lissac/Godong | Leverandør: Dpa/Scanpix | CC (by nc sa)

Global landsby: parabolantenner i Kairo.

Tilbake i 1960-åra hadde medieforskaren Marshall McLuhan skildra korleis verda ville skrumpe inn til ein «global landsby» når den elektriske kommunikasjonsteknologien blei i stand til å spreie informasjon til alle frå alle stader samstundes.

Men informasjonen hadde ein lei tendens til å gå berre ein veg. I 1980 kritiserte ein UNESCO-rapport den einsidige flyten av informasjon og kultur frå den rike delen av verda. I mange land var det vestlege kommersielle interesser som hadde bygd ut fjernsynet for å få tilgang til nye marknader. Flaumen av amerikanske tv-program og reklame førte til eit press på lokal kultur.

Men auka informasjon utanfrå bidrog også til at jernteppet fall.

Månelandinga

Desse tv-bileta som viser Neil Armstrong da han sette foten på måneoverflata, heldt meir enn ein halv milliard menneske klistra til tv-skjermane 20. juli 1969.

Telstar knyter verda saman

Betre forståing mellom menneska var håpet da Telstar blei sett i drift i 1962. Har draumen gått i oppfylling?

MTV

Frå den aller første sendinga til Music Television, MTV, 1. august 1981. Kanalen sende program heile døgnet, til å begynne med hovudsakeleg musikkvideoar presentert av den nye yrkesgruppa VJs, videojockeys.