Britisk fjernsyn: lisensfinansiert

1936 1946 1953 1954 1963
Verdas første, faste høgdefinisjons (405 linjer) fjernsynssendingar: BBC Fjernsynssendingane startar opp igjen etter å ha lege nede under krigen 11 timar direktesending frå kroninga av dronning Elizabeth II, eit gjennombrott for tv-mediet Regulære nyheitssendingar på tv Doctor Who, verdas lengstvarande tv-serie

Tante veit best

Leverandør: Ap/Scanpix | CC (by nc sa)

Kroninga av dronning Elizabeth II blei overført på fjernsyn. For første gongen kom vanlege folk tett innpå livet til dei rike og mektige.

«Set opp ei fjernsynsantenne på huset, så vil du bli forbløffa over kor mange venner du har i gata», skreiv ei engelsk avis i 1953.

BBC skulle nemleg dekkje kroninga av dronning Elizabeth II. Den elleve timar lange sendinga blei det definitive gjennombrottet for fjernsynet i Storbritannia. 20 millionar menneske følgde sendingane på dei to millionar fjernsynsapparata som fanst, halvparten som gjestar hos familie og naboar, akkurat som avisa hadde spådd. Ei meiningsmåling viste at 98 % var «fullstendig tilfreds» med sendingane.

Sjåarane kom gjennom tv-kameraa for første gongen tett innpå dei kongelege og andre samfunnstoppar. Det gav meirsmak. Nasjonale storhendingar blei frå no av mediehendingar.

BBC logo 1953

Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Den første logoen for BBC Television Service, frå 1953

BBC var lisensfinansiert, og derfor ikkje utsett for press frå næringslivet eller publikums smak slik som dei amerikanske kanalane var. Til gjengjeld skulle dei fungere som allmennkringkastar og vere uavhengig og nøytral. På folkemunne fekk dei tilnamnet «Auntie» (etter uttrykket «tante veit best») fordi somme av folkeopplysningsprogramma kunne bli litt vel oppdragande. I 1955 fekk dei konkurranse frå det kommersielle tv-nettverket ITN.

Britisk fjernsynsproduksjon blei tidleg kjend for dramaproduksjonar av høg kvalitet. BBC knytte til seg dyktige regissørar og oppretta ei eiga manusavdeling. Science fiction-serien «Dr. Who» starta i 1963. Den er blitt ein kultserie og blir framleis produsert, rett nok med ei pause frå 1989 til 2005. «Forsythe-sagaen» frå same året blei vist over heile verda, og til og med seld til Sovjetunionen. Mens amerikanske seriar ofte var actiondrivne og gjerne litt glamorøse, utmerka engelskmennene seg med karakterdrivne drama, anten det var påkosta historiske kostymedrama eller sosialrealistiske kriminalseriar.

75 år på ti minutt

Klipp frå BBCs produksjonar frå starten i 1936 fram til 1981.

Fjernsynsnyheitene

Fjernsynsnyheitene hadde ein trong fødsel i BBC. Journalistane i radioen kjempa for å halde på kontrollen over dei harde nyheitene, og hadde lenge leiinga på si side. Men press frå sjåarar og tv-journalistar førte fram. Første steg var ei slags filmavis kvar veke i 1948. Reportasjane var temmeleg amatørmessige etter dagens standard. Her kan du sjå ein av dei frå 1949.

Kroninga av dronning Elisabeth i 1953

Tv-overføringa av kroninga blei gjennombrottet for fjernsynet i Storbritannia. 20 millionar menneske følgde den 11 timer lange sendinga.

BBC har meir informasjon om hendinga.

Eit døgn i BBC

Ein prislønna halvannan times dokumentar frå 1959 om eit døgn i BBC. Her er det berre å finne fram popcornet og lene seg tilbake i godstolen. Eller klikke litt rundt og få eit inntrykk av dei ulike produksjonane.