ARPANET
1957 | 1958 | 1960 | 1969 | 1973 | 1974 |
---|---|---|---|---|---|
Sputnik | ARPA, organet for avansert forsking i det amerikanske forsvaret | J.C.R. Licklider ser for seg eit «intergalaktisk datanettverk». | ARPANET bind saman datamaskinar ved fire universitet. | Telegiganten AT&T avslår tilbod om å overta ARPANET. | Internet Protocol (TCP/IP), Vint Cerf og Bob Kahn |
Eit nettverk av nettverk
Fire datamaskinar knytte saman i eit nettverk. Det var starten på Internettet. Året var 1969, nettet var amerikansk, og det blei kalla ARPANET.
Fire år seinare blei Noreg knytt til som det aller første landet utanfor USA. Nettet hadde da vakse til 40 nodar som kvar kunne ta seg av tre–fire datamaskinar. I dag er det ingen som veit sikkert kor mange maskinar det er sett saman av. Sannsynlegvis var det meir enn ein milliard domene på nettet i 2012.
Internett er eit nettverk som knyter millionar av ulike små og store nettverk saman. Teknologien som gjorde dette mogleg, var først og fremst noko så keisamt som ein «protokoll» med det nerdete namnet TCP/IP. Denne protokollen blei brukt første gongen i 1973, og det er den som bestemmer korleis maskinen din skal dele opp for eksempel ei bildefil i passelege «pakker» og gi kvar av dei ei adresse som gjer at dei finn fram gjennom ei rekkje ulike nett og maskinar heilt fram til smarttelefonen til bestemor. Der sørgjer han så for at alle pakkene kjem fram og blir sette saman igjen til det biletet du sende.
Det geniale er at dette gjer han heilt utan nokon sentral kontroll som bestemmer kva veg kvar einskild datapakke skal ta. Om store delar av nettet blir skrudd av eller slått ut av ein feil, så vil berre pakkene finne andre vegar fram til mottakaren. Om ei pakke blir borte på vegen, blir ho berre send på nytt. Alt dette gjer Internett til eit svært robust nettverk.
Satellitten som sette fart i utviklinga
Amerikanarane blei tekne på senga da russarane erobra verdsrommet med satellitten «Sputnik» i 1957. Forskingsprogrammet ARPA blei starta for å skape militær teknologi som var betre enn den russarane hadde. Forskarane i ARPA blei sentrale i utviklinga av Internettet.
Internetts historie
Ein kort film som tek deg gjennom utviklinga av Internettet frå starten heilt fram til vår tid.
Historia til Internett på eitt minutt
Ein kortversjon av dei viktigaste milepålane i historia til Internettet.
Han som fant opp TCP/IP-protokollen
1. januar 1983 blei det bestemt at alle datamaskinane i ARPANET skulle kommunisere ved hjelp av TCP-IP-protokollen. Det blei startskottet på ei eksplosiv utvikling med det globale Internettet vi har i dag, som resultat.
Hør Vint Cerf fortelje om kva som skjedde – og kva du kan vente deg i nær framtid.