For spesielt interesserte

1972 1975 1980 1982 1982 1993
E-post Telnet CBS og AT&T eksperimenterer med «nettbutikk». Minitel blir suksess i Frankrike. CompuServe, første ISP med modemtilkopling Oslonett, første ISP i Noreg

Men kva kan vi bruke det til?

Djevelsk krøllalfa

Allereie i 1978 dukka den første spam-mailen opp i innboksane. I 2011 blei det sendt heile sju billionar av dei.

Det var forskarar ved universitet og militære forskingsinstitutt som var dei første brukarane på Internett. Til å byrje med skjønte ikkje så mange kva slags nytte dei kunne ha av det. Men da det i 1972 blei mogleg å sende elektronisk post mellom brukarane, voks interessa fort. Etter kvart kom også diskusjons- og nyheitsgrupper, IRC eller chatting, og eit system for informasjonsfangst som blei kalla «gopher», og som liknar på det vi kjenner frå nettet i dag.

I byrjinga var naturlegvis alt berre tekst. Om du har brukt tekst-tv, har du sett noko som liknar. Men avishus og kringkastingsselskap såg likevel moglegheiter og eksperimenterte med ulike løysingar over forskjellige typar nett. Folk flest hadde ikkje datamaskinar enno, så ulike terminalar blei brukte og kopla opp mot tv-skjermen eller eigne skjermar. Men teknologien var dyr, interessa var laber, og mange pengar gikk tapt.

Etter kvart blei det mogleg for vanlege folk utanfor universitetsmiljøa å kople pc-en til Internett ved hjelp av eit modem. Ein kunne kople seg til forskjellige BBS-ar (Bulletin Boards) eller ISP-ar (Internet Service Providers). Dei mest kjende i USA var Compuserve og AOL. I Noreg var Oslonett (seinare Schibstednett og Scandinavia Online eller SOL) den første internettleverandøren.

Den første e-posten

https://ialwayswondered.jarrettgreen.com/2011/03/31/when-was-the-first-email-sent

Den første e-posten

Den første e-posten

Seinhausten 1971 sende Ray Tomlinson den første e-posten over ARPANET til ein maskin på pulten ved sida av.

Radicati Group meiner det truleg blei sendt 294 milliardar e-postar i 2010.

Fotograf: H. Armstrong Roberts | Leverandør: ClassicStock/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Slik så tidlige e-poster ut.

Modem

Ved hjelp av modem blei det etter kvart mogleg for bedrifter og privatpersonar å kople seg til Internett. Her er eit akustisk modem frå 1960-åra.

Oslonett sin hjemmeside i juli 1994.

Leverandør: www.oslo.net

Oslonett sin hjemmeside i juli 1994.

Oslonett

Oslonett blei i 1993 den første internettleverandøren i Noreg. Slik såg heimesida ut 29. juli 1994.