Google

1996 1998 2000 2004 2005 2006 2011
Studentane Larry Page og Sergey Brin utviklar algoritmen PageRank. Page og Brin startar Google. Google AdWords Gmail Google Maps og Google Earth Google kjøper YouTube. Google+

Vegvisaren

Kor stort er nettet?

555 millionar nettstader ved utgangen av 2011 har ei kjelde rekna ut, med 300 millionar nye nettstader lagt til berre dette året. Da er det kanskje ikkje så rart at den aller mest besøkte nettstaden (188 millionar besøkjande pr. månad i 2012), er Google, som er der berre for å hjelpe deg å finne nåla i den høystakken som nettet er.

Sergey Brin og Larry Page

Fotograf: Ben Margot | Leverandør: AP/Scanpix | CC (by nc sa)

Sergey Brin (til venstre) og Larry Page framfor hovudkvarteret i 2004.

Det fanst søkjemotorar før Google dukka opp i 1998. Men Larry Page og Sergey Brin laga ein algoritme som gjorde det mykje meir sannsynleg at dei resultata du fekk, var dei som var mest interessante for deg. Andre søkjemotorar på den tida dynga på med innhald for å halde folk på sida slik at dei blei utsette for mest mogleg reklame. Heimesida til Google inneheldt berre to element: ein logo og eit søkjefelt.

Det blei suksess med ein gong.

Google er i dag eit av dei mest verdifulle selskapa i verda. Dei eig YouTube (som er den nest mest besøkte nettstaden). Dei har utvikla ei rekkje tenester som e-posttenesta Gmail, skylagringa Google Drive, karttenesta Google Maps, Google Books, eit prosjekt som har som mål å digitalisere alle bøkene i verda, og det sosiale nettverket Google+. Dei har utvikla nettlesaren Google Chrome og operativsystema Google Chrome OS (for pc-ar) og Android (for mobile einingar).

Inntektene får dei hovudsakleg frå reklametenesta Google Ad Sense. Når du gjer eit søk, får du også opp annonser som har med søkjeordet å gjere. Google tek betalt for å setje annonsøren i kontakt med menneske som allereie har vist interesse for det aktuelle produktet eller tenesta ved å søkje etter det.

«Don’t be evil» har vore Googles uoffisielle motto. Som alle dominerande aktørar har dei likevel møtt kritikk. Mange i mediebransjen meiner at Google haustar annonseinntekter for innhald som andre har produsert. Google er i det heile teke kjend for ein noko fri omgang med opphavsretten, anten dei digitaliserer bøker eller utviklar program (berre spør Apple). Mange er også skeptiske til korleis dei bruker (eller misbruker) dei enorme mengdene med data dei etter kvart har samla inn om deg og alle dei andre som nyttar tenestene deira.

Kvor stort er nettet?

Ein kjapp gjennomgang av svimlande statistikkar frå 2010.

Utviklinga av søkjemotorane

Det fanst søkjemotorar før Google, og fleire har komme til etterpå. Her har du eit kjapt oversyn over dei fleste av dei.

Vil du vite meir om søkjemotorane, er dette staden å byrje.

Korleis verkar søkjemotorane?

Søkjer du på for eksempel «Obama», tek det berre eit kvart sekund før Google gir deg lenker til 754 millionar nettsider som inneheld dette ordet. Korleis i all verda kan det late seg gjere?

Utnyttar du moglegheitene i Google?

Visste du at du kan bruke søkjefeltet som kalkulator? Til å rekne om valuta? Til å finne bilete som liknar på eit du har på datamaskinen?

Her finn du Google si eiga liste over tips og triks.