Sosiale medier
2002 | 2003 | 2004 | 2004 | 2005 | 2006 | 2011 |
---|---|---|---|---|---|---|
Friendster | MySpace | Flickr | YouTube | Google+ |
Alle kan delta
Filmen «Kony 2012» blei lagd ut på YouTube 5. mars 2012. Seks dagar seinare hadde 100 millionar menneske sett han. 58 % av amerikansk ungdom mellom 18 og 29 år kjende til han etter berre ei veke. Halvparten av desse hadde høyrt om han på det vi kallar sosiale medium.
Det meste du har lese om i mediehistoria, har handla om kommunikasjon i berre éi retning, frå ein sendar til ein eller fleire mottakarar. Sosiale medium har gjort alle til aktørar. Det byrja med e-post, diskusjonsgrupper og chatting tilbake i 1970- og 80-åra. Etter kvart kom bloggane. Det vi kallar sosiale nettverk, debuterte med Friendster og Myspace, før Facebook blei lansert i 2004 og raskt voks til den dominerande møteplassen på nettet. Heile 900 millionar brukarar hadde Facebook i mai 2012. Twitter var på andreplass med 555 millionar.
Terskelen for å delta i dei sosiale media er låg. Nettavisene lèt deg kommentere artiklar og dele dei ved «likes» på Facebook eller «tweets». På Spotify kan du late vennene dine følgje med på kva for musikk du speler, og på Delicious eller Digg kva nettsider du besøkjer. På YouTube, Vimeo og Flickr kan sjølv bestemor dele videoane og bileta sine berre ved eit klikk på smarttelefonen.
Sosiale medium har gjort det mogleg å spreie bodskapar raskt og vidt, og utanfor kontroll frå styresmaktene. Mange meiner at serien med revolusjonar som kallast «Den arabiske våren», neppe hadde vore mogleg utan dei sosiale media til å spreie informasjon om demonstrasjonar eller dokumentasjon av overgrep. Andre hevdar at dei rett nok gjer det lettare for aktivistar å uttrykkje seg, men vanskelegare for det dei uttrykkjer, å gjere inntrykk på folk.
Kina har stengt ute dei vestlege sosiale netta. Der dominerer deira eigne tenester QZone og Sina Weibo.
Akkurat som med søkjemotorane, er det mange som er engstelege for kva som skjer med all informasjonen dei sosiale nettstadene etter kvart skaffar seg om brukarane.
Filmen som starta det heile
«Nothing is more powerful than an idea whose time is now.» Sjå filmen «Kony 2012» som vekte så stor merksemd.
I nyheitsbiletet
Kort reportasje frå NRK om internettfenomenet «Kony 2012».
Er sosiale medium noko å rekne med?
Det er vanskeleg å svare nei etter denne videoen. Frå 2010.
Heller Facebook enn venner?
Granskingar viser at ein av fire unge synest det er viktigare å vere oppdatert på Facebook enn å treffe venner.
Språkprofessor Sylfest Lomheim fryktar at Facebook øydelegg kommunikasjonen mellom folk