World Wide Web

1990 1991 1993 1994 1995
Tim Berners-Lee ved CERN utviklar Hyper Text Transfer Protocol (HTTP). Berners-Lee publiserer den første nettstaden i the World Wide Web. Mosaic, den første nettlesaren, blir utvikla av Marc Andreesen. Marc Andreesen og andre utviklar den kommersielle nettlesaren Netscape. Microsofts Internet Explorer

Verdensveven

«Sett at all informasjonen som er lagra på datamaskinar over alt, var lenka. Sett at eg kunne programmere datamaskinen min til å skape eit rom der kva som helst kunne bli lenka til kva som helst.»

Tim Berners-Lee hylles under De olypiske leker i London i 2012.

Fotograf: Martin Rickett | Leverandør: Pa Photos / Scanpix | CC (by nc sa)

Tim Berners-Lee tok ikkje ut patent på the World Wide Web, men gjorde det fritt tilgjengeleg for alle. Her blir han heidra under opningsseremonien for dei olympiske leikane i London i 2012.

Han som tenkte dette, var Tim Berners-Lee. Han var tilsett i forskingsorganisasjonen CERN (ja, den du kjenner frå oppdaginga av Higgs-partikkelen i 2012) og arbeidde med korleis forskarane kunne utveksle og oppdatere informasjon på ein meir effektiv måte. Da han 6. august 1991 publiserte den aller første nettstaden i det han kalla the World Wide Web, var det ei storhending som har blitt viktigare for dagleglivet til folk flest enn alt det arbeidet CERN eigentlig skulle drive med.

Igjen var det noko så keisamt som ein protokoll som skapte revolusjonen. Tim Berners-Lee utvikla HTTP som gjorde det mogleg å leggje inn lenker til andre filer i ein tekst. Ein annan viktig del var URL-en som gav kvar einskild fil ei unik adresse slik at desse lenkene kunne finne dei same kor dei måtte vere på nettet. Ved hjelp av HTML-taggar i dokumentet og eit eige program kunne både tekst og bilete setjast saman på skjermen.

Berners-Lee delte ideane fritt. Det same gjorde Marc Andreesen ved Universitetet i Illinois, som snart hadde utvikla Mosaic, ein nettlesar som kunne køyre både på Windows, Mac og Unix. Han hadde navigasjonsknappar, viste grafikk integrert i teksten, og hadde tenarprogramvare som gjorde det mogleg ikkje berre å lese, men også å publisere nettsider.

Du ville nok ha opplevd Mosaic som temmeleg primitiv. Likevel skjønte alle at den nye moglegheita til å kombinere tekst og visuell kommunikasjon var ein revolusjon. Det året Mosaic blei lansert, auka trafikken på verdsveven med 341 000 %.

Andreesen starta selskapet Netscape og laga ein forbetra nettlesar. Microsoft kasta seg på konkurransen med sin Internet Explorer. Nettet blei fylt opp med innhald som var interessant for folk flest. Etter berre fire år hadde verdsveven nådd 50 millionar brukarar. For fjernsynet hadde det teke 13 år å nå like mange, og for radioen 38 år.

Tim Berners-Lee – verdensvevens far

Ein kort video om den britiske forskaren som skapte the World Wide Web.

Har du lyst til å vite meir om Berners-Lee og verdsveven han skapte, finn du ein grundigare dokumentar her.

Nettlesaren Mosaic

Sjå korleis det var å surfe på nettet med nettlesaren Mosaic frå 1994.

Urtida

Hadde du levd midt i 1990-åra, ville du kanskje sett pris på denne humoristiske innføringa i det nye, mystiske og kompliserte mediet Internett.