Avisene på nett
1994 | 1995 | 1996 | 2000 | 2000 | 2002 |
---|---|---|---|---|---|
San Jose Mercury News publiserer den første nettavisen på verdsveven. | Brønnøysund Avis blir første norske nettavis, med Dagbladet hakk i hæl. | Dei aller fleste amerikanske avisene har eigne nettsider. | Internettleverandøren AOL kjøper mediegiganten Time Warner CNN. | Dotcom-bobla sprekk. Internettselskapa raser i verdi, og investeringane tørkar inn. | Google News tek delar av marknaden frå nettavisene. |
«Content is king»
Ikkje berre var dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994 «the best winter games ever» (ifølgje IOK-president Samaranch). Dei var også det første OL-et i historia som hadde direkte resultatformidling på Internett.
Det var internettleverandøren Oslonett som stod bak, og stuntet gjorde at vanlege folk blei interessert i det nye mediet. Avisene skjønte at dette var noko dei også kunne ha nytte av.
Dei første norske dagsavisene på nett var lokalavisa «Brønnøysunds Avis» 6. mars 1995, og «Dagbladet» to dagar etter. Det var mindre enn eitt år etter at «San Jose Mercury News» hadde publisert den første nettavisa i USA. I løpet av 1996 hadde dei aller fleste avisene eigne nettsider.
I byrjinga inneheldt dei berre dei same sakene som papiravisa. Men etter kvart kom det innovasjonar som moglegheit for kommentarar og lyd- og videoklipp. Ideen var at det nye mediet skulle hjelpe dei tradisjonelle media til å levere nyheitene raskare, betre og til ei større målgruppe.
«Content is king» hevda blant andre Bill Gates på denne tida. Det var innhaldet brukarane ville vere villige til å betale for. Nettet var derfor noko dei store, tradisjonelle medieorganisasjonane kunne tene pengar på.
Det var i alle fall det ein trudde.
Internettleverandøren AOL var i 2000 verdsett så høgt at dei kunne kjøpe mediegiganten Time Warner CNN i det som var forretningshistorias største oppkjøp. Det gjekk åt skogen. Det viste seg at nettbrukarane ikkje var interessert i å bruke Internett slik dei brukte tv, eller betale så mykje som blei kravd. Teknologiaksjane var overprisa, og 13. mars 2000 sprakk det som er blitt heitande dotcom-bobla. Ti år seinare hadde Time Warner og AOL ein samla verdi som berre var ein sjudel av det han var før bobla sprakk.
Forløparen til nettavisene
Allereie i 1981 fekk to til tre tusen husstandar i California tilgang til nyheiter over Internett.
Her blir nyheita presentert i ei tv-sending frå den gongen.
Det første digitale mediet i Noreg
Sjå NRK introdusere tekst-tv (og fjernkontrollen, eit «tilleggsutstyr» til fjernsynsapparatet) da prøvesendingane starta i 1979. Våren 1983 starta dei regulære sendingane. På den tida fanst ingen andre medium som kunne levere heilt ferske nyheiter nøyaktig når du sjølv ville lese dei.
Teknologien var henta frå BBC som i 1974 lanserte si Ceefax-teneste.
Les meir her.
Tidsmaskin
På Wayback Machine kan du søkje opp gamle nettstader frå heile verda. Her er den eldste arkiverte utgåva av nettavisa til Dagbladet, frå 2. november 1996.