Trykkjefridomen under press
1962 | 2006 | 2010 | 2011 | 2011 |
---|---|---|---|---|
Marshall McLuhan: elektroniske medium gjer verda til ein «global landsby». | Muslimar protesterer med flaggbrenning mot trykkinga av karikaturteikningar av profeten Muhammed. | WikiLeaks publiserer dokument frå krigen i Afghanistan og diplomatmeldingar frå amerikanske ambassadar. | Opprør i Tunisia spreier seg til fleire arabiske land og blir til «den arabiske våren». | Amnesty International er bekymra for WikiLeaks-varslaren Bradley Mannings varetektsforhold. |
Digitalt landsbyliv
28. november 2010 byrja fem aviser i fem land å trykkje ein serie med konfidensielle telegram frå den amerikanske utanrikstenesta, som dei hadde fått av varslarnettstaden WikiLeaks. I Midtausten blei folk rasande da dei fekk dokumentert kor korrupte styresmaktene var. Presidenten i Tunisia var den første som måtte gå av, før opprøret spreidde seg til Egypt, Libya og andre arabiske land.
Dei elektroniske media (radio og tv) har gjort verda til ein «global landsby», sa medieforskaren Marshall McLuhan i 1962. Men i dei elektroniske media var det portvaktene i medieorganisasjonane som bestemte kva som skulle delast. Dei digitale media sette folk i direkte kontakt med kvarandre.
Det er først no vi verkeleg kan snakke om verda som ein global landsby. Vanlege menneske møtest over avstandar og kulturkløfter som før heldt dei frå kvarandre. Det fører til ei blomstringstid for nye idear og spennande kulturuttrykk. Men også til at grupper kjenner seg krenkte.
Når menneske med framand kulturbakgrunn slår seg ned i eit lite lokalsamfunn, tek det tid å bli kjende med kvarandre. Slik er det i den globale medielandsbyen også. Protester og opprør som følgje av ytringar på nettet viser at vi enno har eit stykke veg å gå.
Det er ikkje berre vanlege folk som strevar med utfordringane den digitale mediekulturen gir. Også styresmaktene har fått nye problem å takle. Amerikanske domstolar, som tidlegare har hindra dei i å slå ned på lekkasjar til dei etablerte media, blir no sette inn for å stoppe WikiLeaks. «Det sjokkerer oss å sjå at land som Frankrike og USA plutseleg fører ein politikk om uttrykksfridom som er på linje med Kina», seier organisasjonen Reporterar utan grenser.
Det tok mange generasjonar frå trykkjerevolusjonen starta til trykkjefridom var etablert som eit urokkeleg prinsipp. I dag handlar kampen om kva prinsipp som opphavsrett, uttrykksfridom og nettnøytralitet skal innebere i dei digitale media. Enno veit vi ikkje kva utfallet vil bli av denne revolusjonen.
Sosiale medium viktige i arabisk vår
Omveltingane i den arabiske verda slo ut i full blomster takka vere bruken av sosiale medium. Det meinte to av dei mest aktive bloggarane under oppstanden.
Den yngste mottakar av Nobels Fredspris
Tawakkul Karman blei tildelt Nobels Fredspris i 2011 saman med to andre kvinner for «den ikkje-valdelege kampen dei har kjempa for kvinners rettar i fredsbygging i heile verd».
Karman grunnla organisasjonen «Kvinnelege journalistar utan lenker». Ho stod sentralt i demonstrasjonane i Sanaá under den arabiske våren, og blei arrestert og drapstruga.
«Den femte statsmakta»
I 2007 dukka nettstaden WikiLeaks opp og har sidan starten vore med å prege nyheitsbiletet på verdsbasis. Det har blitt ein kjend og frykta nettstad for styresmaktene i mange land, særleg etter at dei i løpet av 2010 lak over hundre tusen hemmelegstempla dokument frå krigen i Afghanistan og frå USAs ambassadar rundt i verda. I dette klippet får du vite meir om kva WikiLeaks eigentleg er.