Delingskultur
1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2010 | 2012 |
---|---|---|---|---|---|
Napster, eit nettverk for deling av mp3-filer. Stengjer i 2002. | Nupedia, ein forløpar til Wikipedia, skriven av ekspertar | Wikipedia | Creative Commons blir lansert som alternativ til tradisjonell copyright. | Pirate Bay blir dømd for ulovleg fildeling, men held fram med drifta. | Encyclopaedia Britannica blir lagt ned. |
Kultur for å dele
I mars 2012 kunne nyheitene fortelje at det 32 bind store leksikonet «Encyclopaedia Britannica» var komme ut for siste gong. Dermed var det slutt på det eldste engelskpråklege leksikonet, som kom ut første gongen i 1768. I Noreg blei «Store norske leksikon» lagt ned i 2010.
Rett nok finst begge framleis i nettversjon. Men du har neppe brukt dei mykje. Dei har nemleg fått ein konkurrent som i 2012 var verdas åttande mest besøkte nettstad, hadde meir enn fire millionar artiklar berre på engelsk, og fanst på 285 språk. Det er laga på dugnad, og alle som ønskjer det, kan bidra. Namnet er sjølvsagt «Wikipedia».
Wikipedia er eit fenomen som vitskapen faktisk slit med å finne ei god forklaring på. Kva er det som får så mange menneske til å bruke tid og krefter på å skrive artiklar dei ikkje får ei krone betalt for? Det blir kalla delingskultur og har vore svært viktig for at nettet har utvikla seg slik vi kjenner det i dag.
Internett oppstod og utvikla seg i hackerkulturen i 1970- og 80-åra. Dei var kjend for idealisme og opposisjon mot autoritetar. «Information wants to be free», var mottoet. Det fanst store selskap og offentlege organ som prøvde å styre utviklinga, utan å lykkast. «Dei blei knuste av eit nettverk bygd av offentlege forskarar og dataingeniørar som ikkje hadde nokon administrerande direktør, ingen overordna forretningsplan, ingen betalande abonnentar, ingen investeringar i innhald, og ikkje noka økonomisk interesse i å samle abonnentar», seier Jonathan Zittrain, ein amerikansk professor i internettjuss.
Delingskultur til hackerane kom også til uttrykk i rørsla som kjempa for fri programvare. Operativsystemet UNIX, nettenaren Apache, nettlesaren Firefox og kontorprogramvara Open Office er alle resultat av denne.
Da raskare nett og betre komprimeringsteknologi gjorde det mogleg å leggje ut musikk- og videofiler på nettet, støytte denne delingskulturen saman med opphavsrettsjussen til dei eldre media. Både musikk- og filmbransjen har brukt rettssaker og skyhøge erstatningsbeløp for å få slutt på delinga. Ei einsleg mor med fire born blei i 2009 dømd til å betale 1,9 millionar dollar for å ha delt 24 songar. Den første musikkdelingsnettstaden, Napster, blei tvunge til å stengje i 2002.
Nye delingstenester dukka opp – og blei stengde i tur og orden. Ei av dei største er det svenske Pirate Bay. Serverane blei konfiskerte, og eigarane dømde til eitt års fengsel i 2010, men nettstaden er framleis i drift.
Mange meiner at dei gamle lovene om opphavsrett ikkje passar for dei digitale media. Alle rettssakene mellom store aktørar som Apple og Samsung viser at også systemet for patentvern treng å bli tilpassa ei ny tid.
Historia til Wikipedia
Historia til leksikongiganten på to minutt.
Creative Commons
Mange meiner at det tradisjonelle copyright-lovverket ikkje fungerer i den digitale verda. I 2002 blei Creative Commons lansert som eit alternativ. Lær meir her.
«Downloaded»
Napster var det første fildelingsnettverket for musikk, lansert i 1999. Da det var på høgda, hadde det 25 millionar brukarar. Men musikkbransjen kjende seg truga og gjekk til søksmål. Napster tapte og la ned tenesta i juli 2001.
Her kan du sjå traileren til «Downloaded», ein dokumentarfilm om Napster.
For eller mot Pirate Bay?
Aslak frå Gatas Parlament debatterer med Bjørn Rogstad frå Piracy Kills Music.