Mekaniske datamaskinar
1848 | 1890 | 1917 | 1944 | 1900 |
---|---|---|---|---|
Charles Babbage designar «differansemaskinen». | Herman Hollerith tek i bruk holkort i den amerikanske folketeljinga. | Holleriths selskap blir til International Business Machines (IBM). | Britane skapar Colossus for å knuse tyske kodar. | Harvard Mark-1, ein elektro-mekanisk datamaskin. |
Den mekaniske hjernen
Charles Babbage var matematikar. I 1821 arbeidde han ved observatoriet i Greenwich ved London. Da han kikka gjennom nokre astronomiske tabellar som blei brukte av navigatørane for å bestemme eit skips posisjon på havet, oppdaga han ein feil. Ikkje berre ein, men ei heil rekkje feil.
Dette var midt i den industrielle revolusjonen. Dampmaskinar dreiv spinnemaskinar, trykkpresser og mange andre innretningar som avlasta arbeidarane og auka produksjonen. Det var mens han sat og retta opp alle feila, at tanken slo ned i han: Kva om han kunne lage ein maskin som kunne mekanisere berekningane og fjerne alle menneskelege feil?
Resten av livet brukte Babbage på å utvikle denne «differansemaskinen», som han kalla han. Babbage var ingen riktig gjennomførar, og maskinen blei aldri bygd. Men etter fleire forsøk hadde han teikningane ferdig. Han hevda at maskinen skulle kunne løyse komplekse likningar og gi svar med opptil 31 desimalar.
Ekspertane meinte at han aldri ville kunne bli bygd. Heilt til i 1980-åra. Da blei han faktisk bygd ved London Science Museum etter teikningane til Babbage. Maskinen vog fem tonn. Han var over tre meter lang og inneheldt 8 000 kamakslar og tannhjul laga av bronse, støypejern og stål.
Og han verka!
Charles Babbage blir i dag rekna som datamaskinens far.
Difference Engine No. 2
Sjå korleis «differansemaskin» til Babbage ser ut og fungerer.
Charles Babbage
Ein kort biografi om datamaskinens far.