Programmering

1815 1834 1842 1852 1979
Ada Lovelace blir fødd i London som dotter av poeten Lord Byron. Byrjar å følgje førelesingane til matematikaren Charles Babbage Skildrar tankane sine om korleis maskinen kan matast med ulike instruksjonar og gjere dei berekningane ein ønskjer. Ada Lovelace døyr i London. Eit programmeringsspråk utvikla for den amerikanske regjeringa får namnet Ada.

Den første programmeraren

Ada Lovelace

Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Ada Lovelace

Visste du at den aller første programmeraren var ei kvinne?

Grevinne Ada Lovelace var matematikar og tidlegare elev av Babbage. Ho hjelpte til med å utvikle den første algoritmen til ein av datamaskindesignane hans. Ein algoritme er ei «oppskrift» som i eit språk han forstår, trinn for trinn fortel datamaskinen korleis han skal utføre ei oppgåve. Dataspråket Ada har fått namnet sitt til minne om henne.

«Ei trollkvinne med tal» kalla Babbage henne. Mens han sjølv var oppteken av å byggje ein maskin som kunne gjere berekningar med tal, føresåg Ada Lovelace at han i framtida også kunne brukast til andre oppgåver.

Den første programmeraren

Lær meir om Ada Lovelace frå denne vittige videoen.

Ada Lovelace som Google Doodle

Leverandør: Google

På fødselsdagen sin 10. desember 2012 blei Ada Lovelace heidra med ein Google Doodle.