Integrerte kretsar
1959 | 1964 | 1965 | 1968 | 1978 |
---|---|---|---|---|
Robert Noyce trykkjer kretsar med transistorar på ei silikonbrikke. | IBM presenterer maskinen System/360 med integrerte kretsar. | Gordon Moore formulerer «Moores lov». | Noyce og Moore startar Intel i det som blir kjent som «Silicon Valley». | Intels brikker 8086 og 8088 blir brukte i den nye IBM Personal Computer. |
«Less is more»
Det er ingen tvil om at datamaskinen var ein revolusjon. Men lenge var han som boka før Gutenberg: Han var reservert for dei få, som militæret og bank- og forsikringsbransjen.
Ikkje så rart kanskje, når du tenkjer på korleis maskinane såg ut. Radiorøyra gjorde dei enormt store og kravde mykje vedlikehald. I 1950-åra overtok transistorane for dei ømfintlege radiorøyra. Maskinane blei kraftigare, men ikkje rimelegare. Framleis måtte kvar einaste transistor loddast til kretskorta for hand.
Det var den integrerte kretsen, datachip-en eller databrikka, som gjorde det mogleg å masseprodusere datamaskinar. Akkurat som trykkpressa reduserte han kostnadene og sette i gang ein kommunikasjonsrevolusjon.
I 1959 klarte Robert Noyce å trykkje kretsar med transistorar på dei forskjellige laga i ei silikonbrikke. Saman med Jack Kilby blir han rekna som oppfinnaren av databrikka. I 1968 starta han firmaet Intel i det området utanfor San Francisco som har fått namnet Silicon Valley.
Militæret var også denne gongen blant dei første kundane. Dei trong styringssystem som var så kompakte at dei kunne plasserast i ein rakett, og dei hadde råd til å betale fleire tusen dollar pr. brikke.
I 1978 introduserte Intel brikkene 8086 og 8088. Det var desse brikkene som blei brukte i dei første pc-ane til IBM.
Databrikka
Ta ein titt inn i ei databrikke og sjå korleis mikroprosessoren, «hjernen» i datamaskinen, fungerer.
Leverandør: Science Photo Library
Moores lov
Gordon Moore var ein av grunnleggjarane av Intel i 1968. Tre år tidlegare hadde han skrive ein artikkel der han peikte på at talet på transistorar i dei integrerte kretsane hadde dobla seg kvart år sidan dei blei funne opp. Han føresåg at denne utviklinga ville halde fram i minst ti år framover.
Denne spådommen har vist seg å vere så haldbar at han har fått namnet «Moores lov». Her ser du utviklinga for integrerte kretsar (grøn), minnebrikker (raud) og prosessorfart (gul).
Leverandør: www.masswerk.at
Lag ditt eige holkort
Holkort som først blei brukte i mekaniske vevemaskinar rundt 1900, blei tekne i bruk i dei tidlege digitale datamaskinane for å leggje inn og lagre data.
Her kan du lage ditt eige holkort. Du kan også prøve eit Google-søk ved hjelp av tidlege teknologiar som holkort og linjeskrivar.