Dataspel
1972 | 1977 | 1985 | 1989 | 2001 | 2006 |
---|---|---|---|---|---|
Magnavox Odyssey: første kommersielle spelkonsoll for tv | Atari 2600/VCS blir den mest selde spelkonsollen i si tid | Nintendo NES med Super Mario | Nintendo Game Boy | Microsoft XBOX, Nintendo Gamecube | Sony Playstation 3, Nintendo Wii |
50 år med gaming
Leik er eit så viktig trekk ved mennesket at det finst eit eige latinsk uttrykk for det: Homo ludens, det leikande mennesket. Det er derfor ikkje så overraskande at nokre fann på å lage spel allereie på dei svære datamaskinane i 1950- og 60-åra.
Folk flest spelte «arkadespel» på speleautomatar og «videospel» på konsollar som dei kopla til tv-en. Det kjente spelet Pac-Man blei skapt som arkadespel i 1982. To år seinare lanserte Atari det for spelkonsollen sin og selde sju millionar.
Det var på den tida datamaskinane tok seg inn i heimane. Commodore 64 (1982), Commodore Amiga (1985), og etter kvart IBM PC (originale eller klonar) heva stadig lista for kva som var mogleg å få til både av grafikk og lyd. Det gav nye moglegheiter til spelutviklarane, som svarte med ei rekkje nye genrar. Det første skytespelet, Wolfenstein 3D, kom i 1992. Doom frå året etter var eit gjennombrott for 3D-grafikk. CD-ROM som erstatta diskettane på den tida, gjorde det mogleg å levere spel med meir bilete, lyd og video til brukaren, noko det populære eventyrspelet Myst tok nytte av.
Utviklinga av raske grafikkort og teknologiar som DirectX og OpenGL har gjort det mogleg å skape stadig meir realistiske 3D-verder på skjermen. Tomb Raider (1996) var eit av dei første spela som utnytta dette. Mye av utviklinga i spela dei siste åra har handla om betre 3D-grafikk. Samtidig har Internett og breiband gjort det som blir kalla MMORPG-spel (Massively MultiPlayer Online Role-Playing Game) mogleg. Eit eksempel du sikkert kjenner, er World of Warcraft frå 2004. Simulatorspel er etter kvart blitt så trugne mot verkelegheita at for eksempel eit spel som Microsoft Flight Simulator til nokre hundrelappar kan brukast i opplæringa av verkelege pilotar.
Dei kraftige pc-ane har ikkje gjort spelkonsollane overflødige. Både Atari, Nintendo og Microsoft har produsert populære konsollar. Etter at iPhone blei lansert i 2007, har også Apple teke ein stor bit av marknaden.
Dataspel begynte som ein smått latterleggjort aktivitet blant nerdar, men har etter kvart fått status som eit kulturuttrykk. Enkelte spel har ei historie og eit univers som gir opplevingar som kan matche (og overgå, meiner nokre) ein roman eller ein film. I Noreg blir spelbransjen støtta av kulturdepartementet, og biblioteka låner ut spel.
«Ping-Pong»
Ralph Baer demonstrerer det første videospelet berekna på heimebruk. Konsollen blei sett i produksjon i 1972 under namnet Magnavox Odyssey.
50 år med gaming
På 12 minutt kan du her sjå korleis spelgrafikken har utvikla seg frå dei første forsøka for 50 år sidan til 2011.
«World of Warcraft»
Trailer for siste utvidingspakke til online-spelet «War of Warcraft», lansert hausten 2012.
Ikkje berre leik
Maskinar og programvare har blitt så kraftige at dei kan brukast til å simulere verkelegheita. Flysimulatorar som «Microsoft Flight Simulator» brukast for eksempel i opplæring av flygarar.