Desktop Publishing

1982 1985 1987 1990 1993 1999
John Warnock startar Adobe Systems og utviklar PostScript. Aldus PageMaker + LaserWriter + Macintosh = Desktop Publishing Quark Xpress, Adobe Illustrator Adobe Photoshop Adobe Acrobat og pdf-formatet Adobe InDesign

Trykkjeri på pulten

Tenk deg at du lever i 1970-åra og har fått i oppdrag å lage eit medlemsblad for idrettslaget ditt. Du tek nokre bilete og leverer filmen til framkalling i ein fotobutikk. Manus skriv du på papir på ein skrivemaskin. Trykkjeriet leverer det vidare til eit satsbyrå som tastar det inn på nytt i ein fotosatsmaskin til nokre hundre tusen kroner. Bileta blir sende til ein reproanstalt og skanna på ein maskin til nokre millionar. Ein designar på trykkjeriet forstørrar eller minkar overskrifter og illustrasjonar i eit reprokamera til nokre titusenar, klipper opp strimlane med fotosats og limer alt saman til sider på eit stort lysbord. Til slutt lagar dei filmar og trykkjeplater før dei endeleg kan setje dei svære trykkpressene i gang.

Alt dette kan du i dag gjere sjølv med eit digitalkamera, ein rimeleg pc og ein skrivar. Eit helt trykkjeri på ditt eige skrivebord. Velkommen til Desktop Publishing.

John Warnock, Adobe

Fotograf: Ed Kashi | Leverandør: Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

John Warnock viser fram første versjonen av Adobe Illustrator som bruker Postscript-språket til å lage illustrasjonar.

Igjen finn vi røtene til dette nye på Xerox’ forskingssenter PARC. Der utvikla John Warnock dataspråket Postscript, som kunne beskrive heile sider med fontar, bilete og layout.

Warnock starta Adobe i 1983. Året etter blei Macintosh lansert. På den kunne ein ved hjelp av Postscript og programmet Pagemaker for første gong setje saman ei «trykt» side på skjermen og skrive han ut på ein laserskrivar fiks ferdig med bilete og det heile. På berre nokre få år forsvann heile yrkesgrupper, som setjarar og reprofotografar.

Etter kvart som datamaskinane blei kraftigare, spreidde desktop-revolusjonen seg til andre bransjar. Photoshop gjorde mørkerom og fotolaboratorium overflødige. MIDI, sekvensarar og andre lydprogram skaffa musikaren eit helt lydstudio på laptopen sin. Filmklippebord, miksebord og svære videospelarar i film- og tv-bransjen kunne skrotast.

Ein konsekvens av dette er at oppgåver som før berre kunne utførast av fagfolk med lang opplæring og dyrt utstyr, no kan gjerast av kven som helst med ein pc og litt programvare. Ivrige tenåringar kan boltre seg med alle dei same moglegheitene som dei profesjonelle produsentane har. Det har gitt fleire røyster høve til å bli høyrt og skapt eit større mangfald av uttrykk. Kan det også ha ført til at vi er blitt vande med å godta lågare kvalitet?

Gammeldags past-up

Leverandør: creativepro.com

Publishing før desktop publishing

«Klipp og lim», seier du, men alt du eigentleg gjer, er å trykkje på nokre tastar. I gamle dagar handla arbeidsdagen for ein grafisk designar om å klippe og lime på ordentleg. Ta ein titt på desse bileta frå ei gammal lærebok, , så ser du korleis det skjedde.

Bli en desktop publisher

Yrkesorientering i ei tid da desktop publishing framleis var noko nytt og eksotisk.

Alt du treng, får du frå Apple

Apple presenterer desktop publishing i denne reklamevideoen. Ein LaserWriter var ein viktig del av oppsettet. Han kosta nesten dobbelt så mykje som ein Macintosh, men selde bra og redda Apple over ei kneik.