Elektroniske datamaskinar

1946 1947 1955 1957 1952
ENIAC, den første full-elektriske datamaskinen, bygd med radiorøyr Transistoren TRADIC, den første datmaskinen bygd berre med transistorar IBM 701, den første full-elektroniske datamaskinen UNIVAC reknar ut prognosar under valnattssendinga på tv-kanalen CBS

Maskinar du kunne budd i

ENIAC

Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Et glimt inn i ENIAC

Det blei sagt at ENIAC var ein svært personleg datamaskin. Ikkje fordi ein kunne bere han med seg, men fordi ein kunne bu inni han!

ENIAC var 30 meter lang og nesten tre meter høg, han vog 30 tonn, inneheldt 17 468 radiorøyr og kunne utføre 100 000 kalkulasjonar i sekundet. Ein kunne vandre omkring i han og sjå på mens programma blei utførte.

Det blei bygd fleire mekaniske datamaskinar i første halvdelen av 1900-talet. Dei var ikkje så avanserte som den Babbage hadde teikna, men kunne brukast til å handtere store talseriar frå folketeljingar og i bank- og forsikringsbransjen. IBM var ein av produsentane.

Da krigen kom, auka behovet for avanserte berekningar. Kodar skulle knekkjast, og våpen gjerast meir treffsikre. For å få til det, måtte ein utnytte den nye elektroniske teknologien. Det blei brukt store ressursar på å utvikle digitale datamaskinar. Amerikanarane bygde ENIAC og IBMs Mark I. Engelskmennene bygde ein dei kalla Colossus.

Kretskort

Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Kretskort frå fire forskjellige datamaskinar bygde mellom 1940 og 1960, med dei vakre namna ENIAC (til venstre), EDVAC, ORDVAC og BRLESC-I. Legg merke til korleis storleiken allereie da var på veg nedover.

Det var på denne tida nokre av dei omgrepa vi forbind med data, blei forma. Ordet «computer» («bereknar») blei opphavleg brukt om dei matematikarane som utførte ballistiske berekningar i våpenindustrien. No overtok ENIAC den jobben. På ein time kunne han gjere like mange berekningar som 50 matematikarar klarte på eit heilt år. Ikkje så underleg at det heretter var maskinane som gjekk under namnet «computer».

Alle radiorøyra inne i datamaskinane utvikla varme som kunne verke tiltrekkjande på møll (bugs). Da måtte teknikarane inn i maskinen for å finne insekta og fjerne dei. Denne jobben kalla dei «debugging». Ordet blir framleis brukt om å rette opp feil («bugs») i dataprogramma.

Bli kjend med ENIAC

Her får du bli med inn i datamaskinen, du får sjå korleis han blir programmert, og til slutt får du historia om korleis ei valsending på tv i 1952 fekk folk til å skjønne kor nyttig ein slik maskin kunne bli.

UNIVAC

I 1952 var ENIAC teken over av eit privat selskap og ble omdøypt til «the Remington Rand UNIVAC computer». Her er ein tv-reklame for produktet.

UNIVAC spår valutfallet

For folk flest var deira første møte med datamaskinen da CBS tok ein UNIVAC-maskin i bruk for å rekne ut valprognosar i presidentvalet i 1952.

Dagen etter koste meldarane seg over at prognosane ikkje stemde. Etter ei stund måtte tv-selskapet vedgå at utrekningane frå maskinen i verkelegheita hadde stemt på ein prikk, men dei hadde vore så uventa at programmerarane blei bedne om å gjere endringar undervegs.