Microsoft
1975 | 1981 | 1983 | 1985 | 1989 | 2009 |
---|---|---|---|---|---|
Microsoft skriv sitt første operativsystem for Altair 8800. | IBM lanserer første pc med operativsystem frå Microsoft. | Compaq lagar første pc-klon som kan køyre programvara til IBM PC. | Microsoft Windows 1.0 | Microsoft Office | 91 % av alle pc-ar køyrer Microsoft Windows |
Bill Gates og klonane
Data – det var IBM det. Sånn var det i 1970-åra. IBM var den største leverandøren av store datamaskinar til næringslivet og det offentlege. Suksessen med Apple II tok dei på senga og fekk dei til å kaste seg inn i utviklinga av datamaskinar for folk flest. For å komme raskt på marknaden, fekk dei eit lite firma i Seattle til å lage operativsystemet.
Firmaet var starta av ein ung nerd ved namn Bill Gates. Namnet var Microsoft.
For IBM skulle dette bli ein tabbe på linje med Xerox’ manglande satsing på PARC. Dei hadde rekna med at det var hardwaren, sjølve maskinane, dei kunne tene pengar på. Men berre to år etter at den første pc-en var lansert, hadde den første konkurrenten klart å lage ein «klon» som fungerte på akkurat same måten og derfor kunne køyre den same programvara. Prisane fall, og IBM klarte ikkje lenger å konkurrere.
Det var dette Bill Gates hadde føresett. Målet hans var ikkje å tene masse pengar på avtalen med IBM, men på å lisensiere operativsystemet DOS til andre produsentar.
Sjølv om Windows ikkje var så polert som Macintosh og pc-klonane ikkje så velbygde, gjorde den lågare prisen at dei raskt fekk ein dominerande plass i marknaden. Mens Jobs blei pressa ut av Apple og selskapet var på randen av konkurs i 1996, blei Gates i 1987 verdas yngste «self-made» milliardær, og Microsoft etter kvart verdas mest verdifulle selskap.
Windows 1.0 - 8
Denne videoen viser utviklinga av Windows frå starten til dagens versjon.
IBM Personal Computer
IBM tok Chaplins landstrykar i bruk for å selje sin pc i 1981.