Apple
1974 | 1977 | 1984 | 1991 | 1998 |
---|---|---|---|---|
Xerox Alto: grafisk brukargrensesnitt, mus og mykje anna nytt. | Steve Jobs startar Apple saman med Steve Wozniak. Apple II blir suksess med det same. | Macintosh: grafisk brukargrensesnitt og mus | Apple Powerbook gjer det bra og held selskapet flytande. | Jobs er tilbake som leiar og presenterer iMac med stor suksess. |
«Why 1984 won’t be like ‘1984’»
Kva assosiasjonar får du når du høyrer ordet «datamaskin»?
I 1960- og 1970-åra var det mange som frykta dei veksande «superhjernane». Dei var redde for at makthavarane i samfunnet skulle bruke dei til å skaffe seg totalitær kontroll over innbyggjarane, slik George Orwell hadde skildra det i boka «1984», eller at maskinar med kunstig intelligens ville truge menneskja slik HAL gjorde i filmen «2001: A Space Odyssey» av Stanley Kubrik.
Mange sentrale utviklarar var ein del av den opprørske protestgenerasjonen i 1960- og 70-åra. Dei leita etter måtar å utvikle teknologien på slik at vanlege folk fekk makt over han. Dette opprøret mot «storebror» kan altså ha vore ei årsak til at datamaskinane utvikla seg til personlege maskinar som folk flest kunne bruke, og at Internettet fekk den opne arkitekturen det har hatt til i dag.
Men korleis skulle heilt vanlege folk kunne kommunisere med programma og kretsane i ein datamaskin? Det var ei av utfordringane den unge hippien Steve Jobs bestemde seg for å løyse.
Saman med Steve Wozniak hadde han starta firmaet Apple Computers i 1977 for å selje ein ganske primitiv, men likevel revolusjonerande heimedatamaskin som Wozniak hadde konstruert. Den neste modellen, Apple II, blei ein stor suksess og gjorde dei to bedriftseigarane til millionærar. Maskinen var programmerbar, hadde ein «killer application», eit reknearkprogram kalla VisiCalc, og ein design som såg ut som ein «dings» folk ville ha lyst til å ha heime.
I 1979 besøkte Jobs og ein gjeng med ingeniørar frå Apple eit forskingssenter som Xerox hadde etablert i Silicon Valley. PARC, som det blei kalla, var ein trykkokar for nye idear og innovasjonar, men sjefane på hovudkontoret i New York hadde inga tru på at det var ein marknad for dei. Folka frå Apple fekk sjå ein maskin med eit grafisk brukargrensesnitt (GUI). Det hadde eit «skrivebord» og vindauge som viste innhaldet i forskjellige filer, og ei mus ein kunne bruke til å peike på objekta på skjermen. Dei såg ein tekstbehandlar som presenterte dokumentet på skjermen akkurat slik det ville bli når det blei skrive ut på papir. Og dei så Ethernet, eit system som gjorde det mogleg å lenkje saman datamaskinar, skrivarar og kopimaskinar.
Steve Jobs forstod med ein gong at dette var det som skulle til for å gjere datamaskinen tilgjengeleg for alle. Etter fire års arbeid kunne han stolt presentere maskinen Macintosh, som inneheldt alle dei nyvinningane han hadde sett hos PARC.
Maskinen blei lansert med ein reklamefilm som er blitt ståande som ein av dei mest kjende nokon gong. Han viser ein sal full av grå, uniformerte funksjonærar. Framme i salen held leiaren ein tale på ein enorm fjernsynsskjerm. Ei ung kvinne kjem springande gjennom salen og knuser skjermen med ei sleggje. Teksten lyder: «You’ll see why 1984 won’t be like ‘1984’.»
«I'm sorry, Dave»
Har du sett filmen «2001: A Space Odyssey» av Stanley Kubrick? HAL 9000 må vere den søtaste og likevel mest skremmande datamaskinen i filmhistoria. Dette var biletet mange hadde av datamaskinen på den tida, slett ikkje noko å ta med seg i sofaen som i dag.
Datamusa
Douglas Engelbart presenterer datamusa for første gong 9. desember 1968.
«1984»
Her kan du sjå reklamefilmen Apple sende under Super Bowl i 1984 for å lansere Macintosh.
Er du Apple-fan, kan du kose deg vidare med denne filmen frå lanseringa.
30 år med Apple
Sjå korleis Apples datamaskinar har utvikla seg sidan 1976.
Utviklinga av logoar og det grafiske brukargrensesnittet kan du sjå her.