Smarttelefonar og nettbrett

2001 2007 2008 2010
Apple iPod. Saman med marknadsplassen iTunes revolusjonerer han korleis vi kjøper og lyttar til musikk. iPhone – telefon, musikkspelar og nettlesar i eitt. Meir enn 650 000 appar i App Store juli 2012 Googles Android for mobile einingar. Fleire produsentar leverer telefonar som køyrer Android iPad – dingsen som få trudde det var nokon marknad for. 84 millionar selde hausten 2012

Tida etter pc-en

«I framtida kjem kanskje ikkje datamaskinane til å vege meir enn 1,5 tonn», skreiv bladet «Popular Mechanics» i 1949. I 1970-åra hadde han krympa så han fekk plass på eit skrivebord. Sidan 2007 har du gått rundt med han i lomma.

iPhone og iPad

Leverandør: Apple Inc. The Transamerica Pyramid Building is a registered service mark of Transamerica Corporation.

iPhone og iPad i 2012 med operativsystemet iOS 6.

Det året lanserte Apple sin første iPhone, med operativsystemet iOS. Tre år seinare kom iPad. Google laga operativsystemet Android som driv smarttelefonar og nettbrett frå andre produsentar.

Det er snart flere mobilabonnementer enn mennesker på jorden

Leverandør: Verdensbanken

Talet på fasttelefon- og mobilabonnement samanlikna med verdas folketal. Klikk på biletet for å sjå fullstendig infogram.

Aldri før har ny teknologi spreidd seg så raskt. I 2011 blei det selt nesten 500 millionar smarttelefonar globalt, opp frå 300 millionar året før. Ifølgje Apple hadde dei i september 2012 selt 192,6 millionar iPhones og 84 millionar iPads.

Innan utgangen av 2012 vil det finnast like mange mobile einingar som innbyggjarar på jorda, ifølgje nettselskapet Cisco. Enno er fleirtalet av desse tradisjonelle mobiltelefonar, men også dei blir stadig smartare.

Alle desse mobile einingane lagrar ikkje lenger dataa på ein harddisk, men i «skya», det vil seie på tenarar som dei er knytte til over mobile nettverk. Aukinga av trafikk over det mobile nettet som ein gong var berekna for tale, er enorm, og skaper ei stor utfordring for teleoperatørane.

Også måten vi samhandlar med maskinane på, er i endring. Musa, som kanskje var den fremste av dei oppfinningane som gjorde den personlege datamaskinen mogleg, blir erstatta av peikeskjermar, handrørsler og til og med hand- og kroppsrørsler i lause lufta (kinetikk). Avisa «New York Times» melde i 2012 at mange av barna som byrja i amerikanske skular den hausten, berre hadde brukt peikeskjermar før og ikkje lenger visste korleis dei skulle handtere ei mus. Mange skuler går over til nettbrett i staden for pc.

Det er dette Steve Jobs har kalla «tida etter pc-en». Han blei henta tilbake til Apple da selskapet var på randen av konkurs i 1996. Takka vere utviklinga av iPod, iPhone og iPad har Apple overteke plassen som det mest verdifulle selskapet nokon gong.

Apple finn opp telefonen på nytt

Steve Jobs var ein meister til å halde presentasjonar. Sjå korleis han byggjer opp forventningane da han lanserte iPhone i 2007. Kanskje noko å lære til den neste presentasjonen du skal halde?

Eit magasin er ein iPad som ikkje verkar

Synest du mange vaksne er klønete med mus og tastatur? Hugs at dei er ikkje «fødde» med desse ferdigheitene slik som du er. For mange babyar i dag er berøringsgestar den første måten dei lærer å kontrollere omgjevnadene sine på. Kanskje vil dei om nokre år smile skeivt når du fortel om den geniale gamingmusa du brukte da du var ung ...

Google finn opp databrilla på nytt

Google arbeider med å putte heile datamaskinen inn i eit par briller. Tilgjengeleg når du treng det, og ute av vegen elles. Time Magazine kåra det til ei av dei beste oppfinningane i 2012. Les meir på Google+..