Filmen blir til

1878 1880+ 1893 1895 1902
Eadweard Muybridge, biletseriar av hest i rørsle Celluloidfilm Edisons kinetoskop Kinematografen til Lumière-brørne Méliès: Reisa til månen

Ei oppfinning utan framtid

Plakat for Lumières første kino

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Reklameplakat for den første kinoen i Paris i 1895.

«Film er ei oppfinning utan framtid.»

Opphavsmennene til denne glitrande analysen er dei to brørne Auguste og Louis Lumière. Dei hadde i 1894 patentert kinematografen, ei innretning som kunne både ta opp, framkalle og projisere levande bilete. I romjula året etter heldt dei den første offentlege filmframsyninga i verdshistoria på ein kafé i Paris. Programmet bestod av ti korte opptak med titlar som «Arbeidarane forlèt fabrikken» og «Barnets frukost». Det vakte valdsam interesse.

I USA hadde Thomas Alva Edison patentert kinetoskopet året før kinematografen til Lumière-brørne. Mens dei filma dagleglivet ute på gata, bygde han eit studio han kalla Svarte Maria, og filma menneske som gjorde heilt vanlege ting som å nyse, danse og snakke.

Bildeserie av Eadweard Muybridge

Fotograf: Eadweard Muybridge | Leverandør: Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Bildeserie av Eadweard Muybridge

Fotograf: Eadweard Muybridge | Leverandør: Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Ein av Muybridges første biletseriar.

Sjå kameraoppsettet her.

Det hadde lenge vore ei kjend sak at bilete som blei viste i rask rekkefølgje, kunne skape ein illusjon av rørsle. Det fanst innretningar med namn som phenakistoskopet, praksinoskopet og zoetropen. Fotografen Eadweard Muybridge klarte i 1870-åra å fange ei rørsle i ein biletserie ved å utløyse ei rekkje kamera etter kvarandre. Men det var celluloidfilmen på rull, som kom midt i 1880-åra, som gjorde filmen mogleg.

Dei første filmane gjengav verda utan noko anna føremål enn å vise henne. Det var interessant berre så lenge det var nytt. Georges Méliès tok teknikken eit steg vidare. Han bygde i 1897 det første eigentlege filmstudioet. Her eksperimenterte han med levande skodespelarar, dokketeater og modellar, og utvikla ei rekkje av spesialeffektane som blir brukte i filmmediet. Fiksjonsfilmen Reisa til månen frå 1902 blei ein verdssuksess både kunstnarisk og kommersielt.

Fram til første verdskrigen var det Frankrike som leidde utviklinga av filmindustrien. To tredelar av filmane som blei viste i verda i 1910, var franske. Den største leverandøren av underhaldningsfilm var Charles Pathé. Danske Nordisk Film var det nest største filmselskapet i verda.

Slik starta det heile

Sjå nokre av filmane som blei viste på Lumière-brørnes første kinoframsyning i 1895. Gir det meirsmak, finst det fleire her.

«Kysset»

Eit knippe av Edisons første kinetoskop-filmar.

«Reisa til månen»

Méliès' klassikar frå 1902.