Filmsensur
1908 | 1913 | 1922 | 1930 | 1968 |
---|---|---|---|---|
Edison og andre: Motion Picture Patents Corp. | Statens Filmkontroll i Noreg | Amerikanske filmprodusentar pålegg seg sjølvsensur. | The Motion Picture Production Code | MPAA film rating system |
Forråande og verdilaus
«Filmen findes at maatte virke forraende ved sine mord og pinsler, specielt overfor barn, og maa for voksne betegnes som verdiløs.» Dette skreiv Statens Filmkontroll 6. desember 1913 i grunngivinga for å forby filmen «Reddet i sidste øieblik», den første filmen som blei forboden vist i Noreg.
Ingen andre medium har blitt så systematisk kontrollert og sensurert av styresmaktene og av bransjen sjølv, som filmen. Tabloidavisene selte rekordopplag på sensasjonsoppslag om brotsverk og prostitusjon. Men når filmane behandla dei same temaa, blei dei forbodne.
Heilt frå byrjinga av blei film sett på som sterkare enn andre medium. Folk dukka seg i kinosalane i 1890-åra når eit tog kom køyrande mot dei på scena, akkurat som dei gjorde da dei første 3D-filmane blei viste eit hundreår seinare.
Filmen speler på fleire sansar. Ikkje noko anna medium skaper ein så sterk illusjon av verkelegheit med så liten innsats frå sjåaren. Mange uroa seg derfor over korleis den ville verke inn på haldningane og moralen til folk. «Den som kontrollerer filmindustrien, kontrollerer det mest kraftfulle mediet til påverknad på folket», sa Thomas Edison.
Edison hadde i 1908 fått med seg andre filmprodusentar i eit monopol som dominerte marknaden i USA fram til første verdskrigen. Her innførte han sensur og ekskluderte alt han syntest var umoralsk. I 1922 påla filmindustrien seg sjølvsensur gjennom ei foreining som seinare blei heitande the Motion Picture Association of America (MPAA). «Ingen film skal produserast som svekkjer den moralske standarden til dei som ser han», var hovudregelen. Skurkane skulle aldri vinne. Naken hud, dampande sexscener og homoseksualitet var strengt forbode. I 1960-åra blei dette endra til det aldersgrensesystemet du kanskje har sett på amerikanske filmar: G, PG, PG-13, R og NC-17.
Dei fleste land har ei form for filmsensur. I Noreg er det staten som godkjenner filmane. Statens Filmkontroll blei oppretta i 1913. I dag er det Medietilsynet som sensurerer film.
Forbodne bilete
Noen scener frå tidlege amerikanske filmar som blei klipte bort fordi dei blei sett på som støytande.
«Kysset»
Amerikanske filmprodusentar følgde ein «Production Code» som sette strenge grenser for sømd. Blant anna skulle ingen kyss vare lenger enn tre sekund, og tungene skulle ikkje vere involverte. I denne scena frå thrilleren «Notorius» (1946) omgår Hitchcock regelen ved å bryte opp kysset i fleire delar med prat og annan kos innimellom.
Buffalo Bill (til venstre) ved Wounded Knee. Leverandør: Library of Congress's Prints and Photographs division
Ikkje berre sex
Filmar har vore forbodne i USA på grunn av vald, banning, blasfemi og injurierande innhald i tillegg til sex. For oss kan det verke ein smule eksotisk at Walt Disneys naturfilm «The Vanishing Prairie» i 1956 blei forbode fordi han synte ein fødande bøffel. Eller at Buffalo Bills «Reenactment of the Massacre at Wounded Knee» blei forbode fordi den gav eit for positivt bilete av indianarane.