Stumfilmen

1916 1919 1918 1924 1927
Charlie Chaplin blir ein av dei best betalte menneska i verda. United Artist starta av Chaplin og andre stjerner Warner Brothers opnar sitt første studio. MGM – Metro-Goldwyn-Mayer «The Jazz Singer» - første lydfilm

Taushet er gull

The Jazz Singer

Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Stor interesse for å sjå den første lydfilmen, «The Jazz Singer».

Da Jack Warner, sjefen for filmselskapet Warner Brothers, ombestemde seg, var det allereie for seint. Bygginga var i gang. Eit lydstudio til 10 000 dollar blei reist. Det var eit risikoprosjekt, og forventningane var låge. Men skeptikarane tok feil. Den aller første lydfilmen, «The Jazz Singer», blei ein overveldande suksess. Stumfilmtida var over.

Fram til 1927 blei alle filmar viste utan annan lyd enn levande musikk som blei spelt under framsyninga. Det hadde faktisk sine fordelar. Eit lite land som Danmark kunne bli ein av verdas leiande filmeksportørar fordi språkbarrieren ikkje fanst. Utstyret var etter kvart relativt kompakt, og ein kunne filme kor som helst utan å bekymre seg for støy frå omgivnadene. Mange av filmane blei også meir kunstnariske fordi filmskaparane måtte klare å formidle handlinga visuelt utan hjelp av dialog.

Et filmstudio i Hollywood i 1922

Fotograf: Curt Teich Postcard Archives | Leverandør: Heritage/Scanpix | CC (by nc sa)

Eit av filmstudioa i Hollywood i 1922. Kulissane er til filmen «Robin Hood».

Under første verdskrigen stansa mykje av den europeiske filmproduksjonen opp, og USA tok over marknaden. Hollywood etablerte seg som den store filmbyen. Dei første stjernene blei skapte. Charlie Chaplin signerte i 1916 ein kontrakt med eit filmselskap på over ein halv million dollar. Det var berre to år etter at han opptredde som den berømte landstrykaren for første gong. Tre år seinare grunnla han filmselskapet United Artists saman med andre stjerner som D.W. Griffith, Mary Pickford og Douglas Fairbanks.

Ein annen meisterleg filmskapar frå stumfilmtida var Buster Keaton, kjend for dramatiske stunts som han utførte med stor fare for sitt eige liv.

Landstrykaren

Sjå Charlie Chaplin i filmen «Mabel's Strange Predicament» fra 1914, der han for første gong opptredde med den berømte landstrykar-karakteren.

Stuntmannen

Buster Keaton var kjend for å gjere sine eigne halsbrekkande stunts. «The General» var ifølgje Orson Welles den største komedien, borgarkrigsfilmen, og kanskje den største filmen som nokon gong var laga.

«Safety Last»

Harold Lloyd er ein tredje av dei store stumfilmkomikarane, også kjend for dei dristige stunta sine.